Europacupen i fotball 1971

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finalelaga då dei entra Wembley-matta 2.6.1971, Ajax-spelarane til venstre

Europacupen i fotball 1971 var ei fotballturnering der vinnarane av 32 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Feyenoord. Turneringa var den 16. i rekka og vart vunnen av Ajax frå Amsterdam. I finalen 2. juni 1971 i London vann laget med 2-0 over greske Panathinaikos frå Aten. Sigeren var den fyrste av tre rake triumfar i Europacupen i fotball til det nederlandske meisterlaget.

Europacupen 1971 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til med ei forrunde 18. august og 2. september 1970, der serievinnarane i Bulgaria og Austerrike spelte om retten til å vere med i 1. runde. Vinnarlaget Ajax slo på sin veg mot finalen ut Nëntori Tirana, FC Basel, Celtic FC og Atlético Madrid, medan Panathinaikos på si side slo ut Jeunesse Esch frå Luxembourg i fyrste runde, og sidan Slovan Bratislava, Everton FC og Raude Stjerne frå Beograd, begge dei sistnemnde på bortemålsregelen.

Lagoppstillingane i finalen

Finalen[endre | endre wikiteksten]

83 179 tilskodarar såg finalen på Wembley stadion i London. Midtspissen Dick van Dijk gav Ajax leiinga allereie i det femte minutt, medan innbytaren Arie Haan bestemte sluttresultatet med ei skåring i det 87. minutt.

Vinnarlaget Ajax stilte med fylgjande mannskap: Heinz Stuy, Johan Neeskens, Barry Hulshoff, Velibor Vasović (kaptein), Wim Suurbier, Johan Cruijff, Nico Rijnders, Gerrie Mühren, Sjaak Swart, Dick van Dijk og Piet Keizer. Rijnders og Swart vart i pausen bytta ut med Horst Blankenburg og Arie Haan.

For Panathinaikos spelte Panagiotis Ikonomopoulos, Yianis Tomaras, Anthimos Kapsis, Frangiskos Sourpos, Giorgios Vlahos, Aristidis Kamaras, Mimis Domazos (kaptein), Kostas Eleftherakis, Haris Grammos, Antonis Antoniadis og Totis Filakouras.

Jack Taylor frå England dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]