Vellekla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håkon jarl den mektige. Teikning av av Christian Krohg til Heimskringla i 1899

Vellekla[1][2] er eit islandsk skaldekvad – ei dråpa – dikta av skalden Einar Skålaglam[Note 1] , truleg gjort ferdig litt etter år 986. Det er eit hyllingsdikt til ladejarlen Håkon Sigurdsson den mektige. Namnet Vellekla blir oftast tolka til å bety gull-mangel.

Versemålet i Vellekla er dróttkvætt[3]. Slik vi kjenner diktet i dag, er det ei samanstiling av vers som finst i Heimskringla, Fagerskinna, Den yngre Edda og Jomsvikingsoga. Truleg har diktet hatt deler som er komne bort.

Dei første versa fortel om kampane Håkon jarl hadde mot Eirikssønene, om korleis han tok hemn for drapet på faren og om korleis han fekk herredømmet over landet. Jarlen blir prisa fordi gudane har vendt attende til landet og det fred og gode år i riket:

No ligg under jarlen
alt nordanfor Vika,
herredømet åt Håkon,
hærkjempa, vidt seg breier
Nú liggr allt und jarli
(ímunborðs) fyr norðan
(veðrgœðis stendr víða)
Vík (Hôkunar ríki).
Ingen høgboren krigar
på jorda er fødd
som gjorde slik fred,
utanom Frode
Engi varð á jǫrðu
ættum góðr nema Fróði
gæti-Njǫrðr, sás gerði,
geirbríkar, frið slíkan.

Vidare i Danevirke-bolken blir det fortalt om striden i Danmark, der Håkon fekk siger og jaga den tyske keisaren Otto II på flukt. Dei siste versa har motiv som tyder på at dei kan ha vore lagt til etter at Håkon jarl fekk siger i slaget i Hjørungavåg (Jomsvikingslaget).

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Einar Helgason Skålaglam (norrønt: Einarr Helgason skálaglamm), var ein islandsk skald som levde på slutten av 900-tallet. Han var ein av hirdskaldane hjå Håkon Sigurdsson Jarl.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Einar Skålaglams Vellekla av Axel Olof Freuenthalöf (Helsingfors 1865)
  2. Edda- og skaldekvad forarbeider til kommentar av Magnus Olsen (1962)
  3. drottkvætt STORE NORSKE LEKSIKON

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]