Einar Skålaglam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Einar Helgesson Skålaglam (norrønt: Einarr skálaglamm Helgason) var ein islandsk skald som levde på slutten av 900-talet. Han høyrde til i ei av dei islandske stormannsættene.

Slekt og familie[endre | endre wikiteksten]

Etter den islandske Landnåmaboka[1] (Landnámabók) var Einar sine foreldre var Helge Ottarson og Nidbjørg Bjolansdotter. Farfar hans var landnåmsmannen Bjørn den Austrøne som var son til Kjetil Flatnes. Foreldra til mora var den skotske «kongen» Beolan (Bjólan)[Note 1] og Katlin, dotter til Gange-Rolf[Note 2]
Einar var bror til Osviv Helgesson som var synsk og som det blir fortalt om i Soga om Laksdølane.

Om livet hans[endre | endre wikiteksten]

I Egilssoga[2] er det fortalt om Einar at han var tidlig stor og sterk for alderen og at han tok til å dikte alt medan han var ung, og han var ivrig etter å lære. Ein sumar på tinget gjekk Einar til teltet til Egil Skallagrimsson og fekk tale med han om skaldekunst. Sidan vart dei gode vener.

Einar var lenge utanlands «hjå høgborne menn»; han var gjevmild og hadde oftast lite pengar. Han vart sagt til å vere ein dugande og gild kar, og han var ein av hirdskaldane hos Håkon Sigurdsson Jarl. Truleg var han òg ei tid hos Harald Blåtann i Danmark. Han var med i slaget ved Hjørungavåg i 986 mot den danske invasjonsflåten, der nordmennene fekk siger.

Etter det Jómsvíkingsoga[3] fortel, var Einar først kjend som Skjoldmøy-Einar. Han fekk tilnamnet Skålaglam etter at Håkon jarl gav han eit par magiske vektskåler i sølv med vektlodd, som var slik laga at dei gav frå seg ein klang (glam) som ein kunne ta varsel av. Truleg fekk han desse skålene i skaldeløn etter at han dikta dråpa Vellekla til jarlen.

Under ei reise frå Noreg til Island drukna han i Breidafjord. I den islandske Landnåmaboka[1] er det sagt at Einar Skålaglam drukna ved Einarskjeret i Selasundet.

Diktverk[endre | endre wikiteksten]

Diktverka til Einar Skålaglam finn vi i dei norrøne kongesogene, i Skaldskaparmål[4] i Den yngre Edda, og i Soga om Jomsvikingane[3]. Vi kjenner til desse:

  • Håkonardråpa berre eit vers er kjend.
  • Vellekla namnet blir oftast tolka til å bety gull-mangel
  • Lausaviser - tre vers er kjende.
  • Haraldsdråpa (til Harald Blåtann) - berre to vers er kjende.
  • Lausaviser i Egilssoga


Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Helge Ottarsson står det at «han herja i Skottland og tok der Nidbjørg i hærfang». Kongetittelen til Bjolan, far hennar, er tvilsam, truleg var han ein skotsk jarl.
  2. I andre kjelder er det sagt at far til Katlin (eller Cathlin) var Rollo, og det omdiskutert om Rollo og Gange-Rolf er den same personen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Landnåmabok frå snerpa.is
  2. Egilssoga v/Leiv Heggstad (Samlaget 1927)
  3. 3,0 3,1 Soga om Jomsvikingane Omsett av Albert Joleik (Samlaget 1931)
  4. Skaldskaparmål Den yngre Edda

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]