Verkhojanskfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verkhojanskfjella
fjellkjede
Location Verkhoyansk Range.PNG
Land Flag of Russia.svg Russland
Map
Verkhojanskfjella
67° N 129° E
Wikimedia Commons: Verkhoyansk Range

Verkhojanskfjella (russisk Верхоянский хребет, Verkhojanskij khrebet) er ei fjellkjede aust i Sibir med ei lengd på om lag 1000 km gjennom republikken Sakha i Russland. Ho dannar ein stor boge mellom Lena og Aldanelva i vest og Janaelva i aust. Den høgaste fjelltoppen ligg i sør og er 2480 meter over havet. Det er kol, bly, sølv og sink i fjella. Fjellkjeda ligg like vest for grensa mellom den eurasiatiske plata og den nordamerikanske plata.[1]

Den lågaste temperaturen som er målt i eit busett område er registrert i denne regionen, som har eit djup snødekke det meste av året. Under siste glasiale maksimum hadde fjellkjeda store isbrear som har gjeve fjella ein alpin karakter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 67°00′N 129°00′E