Vest-Jerusalem
Vest-Jerusalem | |||
by | |||
Kommuneområdet til Jerusalem mellom 1948 og 1967.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | |||
![]() Vest-Jerusalem | |||
Wikimedia Commons: West Jerusalem | |||
Vest-Jerusalem syner til den delen av Jerusalem som vart verande under israelsk kontroll etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Våpenkvilelinja delte byen i to, og den austlege delen av byen kom då under jordansk kontroll.[1]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Deling i 1949[endre | endre wikiteksten]

Delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina gjorde Jerusalem og området rundt til ein internasjonal by.[2]
Etter den israelsk-arabiske krigen 1948 vart Jerusalem delt i to delar, den vestlege delen, som hovudsakleg var folkesett av jødar, kom under israelsk styre, medan Aust-Jerusalem kom under jordansk styre[1][3] og var hovudsakleg folkesett av palestinske muslimar og kristne.
Arabarar som budde i vestlege bydelar i Jerusalem, som Katamon eller Malha, vart tvungne til å dra, og det same måtte jødane i dei austlege områda, inkludert Gamlebyen i Jerusalem og Silwan. Nesten 70% av landområdet i Vest-Jerusalem hadde før Palestinamandatet vore eigd av palestinarar, noko som gjorde det hardt for dei utkasta palestinarane å godta israelsk kontroll i vest. Knesset vedtok lover som overførte denne arabiske landjorda til israelske, jødiske organisasjonar.[4]
Det einaste austlege område av byen som art verande på israelske hender gjennom dei 19 åra med jordansk styre, var Skopusfjellet, der Det hebraiske universitetet i Jerusalem ligg. Dette danna ein enklave i denne perioden, og vert derfor ikkje rekna som ein del av Aust-Jerusalem.
Hovudstad i Israel[endre | endre wikiteksten]
Israel gjorde Vest-Jerusalem til hovudstaden sin i 1950.[4] Den israelske regjeringa måtte investere stort i nye bygg, eit nytt universitet, nye tilsette, Den store synagoga og Knesset-bygningen.[3]
Samling[endre | endre wikiteksten]
Under seksdagarskrigen i 1967, erobra Israel den austlege delen av byen[5] i lag med heile Vestbreidda.
I 1980 annekterte dei israelske styresmaktene Aust-Jerusalem og samla byen att, men det internasjonale samfunnet godtok ikkje dette.[1] Folkesetnaden i Jerusalem har i stort grad vore segregert gjennom denne aust-vest-delinga.[6]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «West Jerusalem» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Key Maps». Jerusalem: Before 1967 and now. BBC News. Henta 12. januar 2015.
- ↑ Greenway, H.D.S. (23. juli 1980). «Explainer; The 3000 years of battling over Jerusalem». Boston Globe. Henta 27. april 2013.[daud lenkje]
- ↑ 3,0 3,1 Dumper, Michael (1997). The politics of Jerusalem since 1967. Columbia University Press. s. 20–21. ISBN 978-0231106405.
- ↑ 4,0 4,1 Dumper, Michael (1997). The politics of Jerusalem since 1967. Columbia University Press. s. 35–36. ISBN 978-0231106405.
- ↑ Dumper, Michael (1997). The politics of Jerusalem since 1967. Columbia University Press. s. 22. ISBN 978-0231106405.
- ↑ Alperovich, Gershon; Joseph Deutsch (April 1996). «Urban structure with two coexisting and almost completely segregated populations: The case of East and West Jerusalem». Regional Science and Urban Economics 26 (2): 171–187. doi:10.1016/0166-0462(95)02124-8. Henta 27. april 2013.