Vesterålsbruene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andøybrua
Kvalsaukan bru
Sortlandsbrua
Hadselbrua

Vesterålsbruene er ei nemning som vert brukt om dei fire bruene Andøybrua, Kvalsaukan bru (Kvalsaukbrua), Sortlandsbrua og Hadselbrua i Vesterålen. A/S Vesterålsbruene var òg namnet på selskapet som vart skipa for å ta hand om bruprosjekta.

Tanken om vegsamband mellom dei største øyane i Vesterålen kom så smått opp på 1950-talet, og i 1960 nemnde Vesterålen Interkommunale Kommunikasjonskomité opp ei aksjonsgruppe som skulle planleggje forprosjekt for bruer over Risøysundet, Sortlandssundet og Langøysundet. I 1966 vart det etablert selskap for kvar av bruene. Då selskapa søkte Samferdselsdepartementet om partialobligasjonslån i 1970, gjorde samferdselsminister Håkon Kyllingmark det klårt at dei tre selskapa måtte slå seg saman til eitt om dei skulle kunne ha von om å få realisert bruplanane i laupet av ikkje altfor lang tid. Det førte til at selskapet A/S Vesterålsbruene vart stifta i oktober 1970, med ordføraren i Sortland, P.C. Reinsnes, som styreformann.

10. juni 1971 sa Stortinget ja til bygginga av Vesterålsbruene. Då var også Kvalsaukbrua over Hognfjorden komen med i prosjektet, men ho skulle byggjast som riksvegsprosjekt og ikkje finansierast med bompengar. Det vart avgjord at Andøybrua og Kvalsaukbrua skulle byggjast fyrst, så Sortlandsbrua, og til sist Hadselbrua.

Andøybrua og Kvalsaukbrua vart tekne i bruk 5. september 1974. 4. juli 1975 vart Sortlandsbrua teken i bruk, etter eit halvt år kortare byggjetid enn det ein hadde rekna med. For Hadselbrua var det usemje om trasévalet, og dette forseinka byggjeprosessen. Hadselbrua vart teken i bruk 1. juli 1978. Andøybrua var vorten offisielt opna då ho stod ferdig i 1974. 26. september 1978 opna kong Olav V offisielt dei siste tre Vesterålsbruene. Bruene (med unntak av Kvalsaukbrua) hadde bompengar fram til 1986. Dei vart nedbetalte tre år tidlegare enn det var kalkulert med. A/S Vesterålsbruene vart avvikla i 1987.

Seinare vart også to andre vegprosjekt bygd i Vesterålen. Det ferjefrie vegsambandet til med Ryggedalstunnelen vart opna i 1980, og vegen mellom Sigerfjorden og Djupfjorden, med Brokløysatunnelen og Djupfjordstraumen bru, vart opna i 1983. Desse vegane var ikkje bompengefinansierte eller del av Vesterålsbruene, men dei med var viktige for samferdsla i Vesterålen. Med høyrer det òg at Hadsel kommune fekk bygd bru mellom Stokmarknes og Børøya i 1967. Børøybrua vart ein del av vegsambandet mellom Langøya og Hadseløya då Hadselbrua opna i 1978.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Vesterålsbruene» henta frå Wikipedia på bokmål 6. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgjev desse kjeldene:

  • Alf Oxem: P. C. Reinsnes - samfunnsbyggeren. Sortland kommune 2006. ISBN 978-82-991889-2-0
  • Hadsel bygdebok, bind 2. Forfattarar: Edgar Hovland, Dag K. Andreassen, Inger-Johanne Johnsen. Bergen 2000. ISBN 82-993564-2-3