Vestnorsk fjordlandskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vestnorsk fjordlandskap vart ført inn på UNESCO si verdsarvliste den 14. juli 2005. Verdensarvområdet omfatter dei to delane Nærøyfjordområdet i Sogn og Fjordane/Hordaland og Geirangerfjordområdet i Møre og Romsdal. Til saman utgjer området 1227 km2, av dette er 107 km2 er sjøareal.

Vestnorsk fjordlandskap vart listeført under kriterium VII og VIII, med fylgjande, framragande universelle verdi:[1]

Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere typelokalitet for fjordlandskapa i verda. Storleiken og kvaliteten på desse fjordane kan samanliknast med andre fjordar på Verdsarvlista, og dei utmerkjer seg med sine klimatiske og geologiske tilhøve. Området syner alle element av landformer knytt til dei indre delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda.

Nærøyfjord- og Geirangerfjordområda vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden. Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfordei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elvar renn frå takkete fjell, brear og bre-sjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med m.a. undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

<references>

  1. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Forvaltningsplan for vestnorsk fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden, Rapport nr 1, 2008