Bergstaden Røros
Hopp til navigering
Hopp til søk
Røros | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sør-Trøndelag | ||
Kommune | Røros | ||
Del av | Røros bergstad og Circumferensen | ||
Areal | 3,18 km² | ||
Folketal | 3 808 (2017) | ||
Folketettleik | 1 197 / km² | ||
Postnummer | 7374 RØROS | ||
![]() Bergstaden Røros |
Bergstaden Røros er administrasjonsstad for Røros kommune. Tettstaden Røros har formelt ikkje status som by, men som bergstad. På grunn av viktige kulturminne knytt til drifta av Røros Kobberverk, vart tettstaden Røros i 1980 teke med på UNESCO si liste over verdsarv. Utvinninga av kopar gjekk føre seg i tida 1644-1977. Store delar av bergstaden vart brent ned av svenske styrkar i 1678 og 1679, men bergstaden vart bygd opp att i same stil med smale gater og låge hus. Over dei låge husa tronar kyrkja «Bergstadens Ziir» (bergstadens pryd).