Vilhelmina kommun
| Vilhelmina kommun | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Len | Västerbottens län | ||
| Landskap | Lappland | ||
| Areal | 8 740,5 km² | ||
| • land | 8 047,87 km² | ||
| • vatn | 692,63 km² | ||
| Folketal | 7 070[1] (2011) | ||
![]() Vilhelmina kommun 64°37′00″N 16°39′00″E / 64.616666666667°N 16.65°E | |||
| Wikimedia Commons: Vilhelmina Municipality | |||
Vilhelmina kommune ligg på svenske länet Västerbottens län i Lappland. Kommunen grensar mot nabokommunane Storuman, Lycksele, Åsele, Dorotea og Strömsund. I nordvest grensar kommunen til Hattfjelldal kommune i Noreg. Administrasjonssenter i kommunen er Vilhelmina.

Samisk språk
[endre | endre wikiteksten]Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[2] og Vilhelmina kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kommunen består av fjellområde i vest og den høgaste fjelltoppen er 1589 moh i Marsfjällen. Djupt nedskjerte daler og langstrakte innsjøar strekkjer seg søraustover. Store myr- og skogområde i søraust. Reindrift, skogdrift og gruvedrift er viktige næringar.[3]
Vilhelmina flyplass har daglege ruter til Stockholm.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Vilhelmina kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[4]
| # | Tettstad | Innbyggjarar |
|---|---|---|
| 1. | Vilhelmina | 3 633 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vilhelmina kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
- ↑ Språkrådet i Sverige om minoritetsspråk
- ↑ Vilhelmina kommune i snl.no
- ↑ Statistiska centralbyrån den 31 december 2005

