Vladimir Belousov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladimir Belousov
Vladimir Belousov ski jumper 1968.jpg
Fødd 14. juli 1946
Pugarevo

Vladimir Pavlovitsj Belousov (russisk: Владимир Павлович Белоусов) (fødd 14. juli 1946) er ein russisk, tidlegare skihoppar frå Vsevolozjsk som tevla for Sovjetunionen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Belousov overraska stort då han gjekk heilt til topps i storbakkerennet under OL 1968 i Grenoble 1,9 poeng framom Jiří Raška frå Tsjekkoslovakia og 17 poeng framom bronsemannen, nordmannen Lars Grini. Rett nok hadde han vorte nummer åtte i normalbakken, men hadde elles inkje noko å vise til i internasjonal hoppsport. Nokre veker seinare vann han Holmenkollrennet, med over fire poengs margin til Bjørn Wirkola.

Belousov vart nummer seks i den tysk-austerrikske hoppveka 1968/69. I 1970 kom han på tredjeplass i nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen, bak vinnaren Jiří Raška og sin eigen landsmann Anatolij Zegljanov. Same sesongen kom han på sjetteplass i normalbakken under ski-VM, der landsmannen Garij Napalkov vart verdsmeister. Sist i VM-sesongen gjentok han prestasjonen frå Holmenkollrennet to år tidlegare, då han sigra, eit halvt poeng føre verdsmeister Napalkov. I mellomtida hadde han gått til topps i Lahti med god margin til toaren, norske Ingolf Mork.

Han la opp etter 1971-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]