Jiří Raška

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jiří Raška
Jiří Raška cropped.jpg
Fødd 4. februar 1941
Frenštát pod Radhoštěm
Død

20. januar 2012
Nový Jičín

Jiří Raška på Commons

Jiři Raška (4. februar 194120. januar 2012) var ein tsjekkisk skihoppar, som i si tid som aktiv konkurrerte for Tsjekkoslovakia. Han vann gullmedaljen i normalbakken og sølvmedaljen i storbakken under vinter-OL 1968 i Grenoble. I VM 1970 fekk han sølvmedaljen i storbakken. 1970/71 vann han den tysk-austerrikske hoppveka, og i 1972 fekk han bronsemedaljen i skiflygings-VM. Han var fødd i småbyen Frenštát pod Radhoštěm, på den tid i det tysk protektoratet Böhmen und Mähren. Raška døydde i Nový Jičín etter lengre tids sjukdom.[1]

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Raška markerte seg internasjonalt først i 1966. Etter å ha vorte nummer fem i avslutningsrennet under den tysk-austerrikske hoppveka kom han på åttandeplass samanlagt. Under ski-VM 1966 i Oslo kom han på fjerdeplassen i begge renna, nærast bronsemedaljen var han i storbakken der han med 203,9 poeng var 0,7 poeng bakom Kjell Sjöberg frå Sverige. I den tysk-austerrikske hoppveka 1966/67 vart han nummer sju samanlagt, etter å ha vorte nr 2 i avslutningsrennet i Bischofshofen, bakom hoppvekevinnaren Bjørn Wirkola. Same Wirkola vann også dei to neste hoppvekene, 1967/68 og 1968/69, då med Raška på andreplassen i samandraget. Begge dei to hoppvekene vann Raška avslutningsrennet i Bischofshofen.

Høgdepunktet for Raška vart vinter-OL 1968 i Grenoble. Han vart då olympisk meister i normalbakken, med 216,5 poeng slo han austerrikaren Reinhold Bachler med 2,3 poeng. I storbakkerennet kniva han med sovjetiske Vladimir Belousov om gullet, med 229,4 poeng hamna han 1,9 poeng bakom gullvinnaren Belousov.

I ski-VM 1970 i Štrbské pleso vann Raška sølvmedaljen i storbakken, men var langt bak den doble verdsmeisteren Garij Napalkov frå Sovjetunionen. Han vart nummer åtte i normalbakken. Ein månad i førevegen hadde Raška vunne to renn i den tysk-austerrikske hoppveka og vorte nummer fire samanlagt i hoppveka. Året etter vann han hoppveka samanlagt etter å ha kom på andreplassen i dei tre siste av dei fire renna. Med 948,0 poeng vann han med 7,8 poeng over Ingolf Mork som tapte hoppvekesigeren med eit fall i rennet i Innsbruck.

I hoppveka 1971/72 kom Raška på sjetteplassen samanlagt. Enno ein gong kom hans beste resultat i Bischofshofen, andreplass med 233,0 poeng var 0,6 poeng mindre enn rennvinnaren Wirkola. Under vinter-OL 1972 i Sapporo kom Raška på femteplassen i normalbakken og vart nummer 10 i storbakken. Same sesongen vann han bronsemedaljen i det aller første verdsmeisterskapen i skiflyging i Planica.

Etter svakare plasseringar i 1973 og 1974 deltok Raška i nasjonale tevlingar fram til 1979. Åra 1994-96 var han med i leiinga for det tsjekkiske hopplandslaget.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dagbladet.no – Hopplegenden Jiri Raska er død (av NTB. Publisert og besøkt 21. januar 2012)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]