Ingolf Mork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingolf Mork
Fødd 4. juni 1947
Molde
Død

1. februar 2012 (64 år)
Molde

Yrke skihoppar

Ingolf Mork (4. juni 19471. februar 2012) i Molde var ein norsk skihoppar, tenestemann og gardbrukar frå Molde. I unge år tevla han for Idrettslaget Hjelset-Fram, seinare for Ski- og fotballklubben Lyn. Hans største bragd var samanlagtsigeren i den tysk-austerrikske hoppveka i 1972. Likevel imponerte han meir i hoppveka året før, då han vann tre av dei fire renna. Men sidan han fall i eit av hoppa i Innsbruck enda han på andreplassen samanlagt. Han vart noregsmeister i normalbakken både i 1971 og 1972.

Mork studerte på Norges idrettshøgskole i Oslo på 1970-talet. Sidan arbeidde han mange år i kultur- og idrettsetaten i Møre og Romsdal fylkeskommune. Etter han slutta i fylkeskommunen dreiv han som sauebonde på Hjelset.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1967: Bronsemedalje i normalbakken i Mo i Rana
  • 1968: Nr 7 i storbakken i Bærum
  • 1969: Bronsemedalje i storbakken på Odnes
  • 1970: Sølvmedalje både i normalbakken i Trondheim og storbakken i Meldal
  • 1971: Gullmedalje i normalbakken i Rælingen
  • 1972: Gullmedalje i normalbakken i Trondheim, sølvmedalje i storbakken på Odnes
  • 1973: Nr 4 i normalbakken i Vang

Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1973, samstundes med Franz Keller frå Vest-Tyskland og Einar Bergsland. Etter den sesongen la han opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]