Władysław Komar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Władysław Komar
Władysław Komar 1972.jpg
Fødd 11. april 1940
Kaunas
Død

17. august 1998
Przybiernów

Yrke skodespelar, politikar, friidrettsutøvar, boksar, rugbyspelar
Władysław Komar på Commons

Władysław Komar (11. april 194017. august 1998) var ein polsk friidrettsutøvar fødd i Kaunas i dagens Litauen. Han vart olympisk meister i kulestøyt under OL 1972 i München. Tidlegare hadde han vunne to bronsemedaljar under høvesvis EM i friidrett 1966 og EM i friidrett 1971.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Komar vart nummer fire i kulestøyt under friidretts-EM 1962. I 1964 sette han personleg rekord med 19,50 meter og stod for det beste kuleresultatet i Europa den sesongen, men vart berre nummer ni under OL 1964 i Tokyo. To år seinare fekk han bronsemedaljen i EM i Budapest, i ein sesong der han forbetra sin polske rekord til 19,61 m. I 1968 kom han på sjetteplassen under dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen.

I mai 1970 passerte Komar 20-metersgrensa då kula landa på 20,22 m. Året etter la han på til 20,55 meter, så det var ikkje uventa at han tok si andre EM-bronse under friidretts-EM 1971 i Helsingfors.

Komars grav i Warszawa.

Gjennom 1972-sesongen forbetra han den polske kulerekorden fleire gongar. Han starta den 1. mai med 20,59 m, og la på til fyrst 20,87 m og så 20,90 m, før mai månad var over. Med 20,95 vann han midt i juni kuletevlinga i landskampen mellom Storbritannia og Polen i Edinburgh, for så å støyte 21 meter jamnt den 2. juli. Under dei olympiske leikane i München den 9. september 1971 var Komar ein av aktørane i ei svært spanande tevling. Komar smelte til med 21,18 m og polsk reekord i fyrste omgang. Dei mange favorittane frå USA og Aust-Tyskland truga Komars leiing for kvar gong dei gjekk i ringen, men ingen makta å overgå han. George Woods vart sølvvinnar med 21,17 m, medan Hartmut Briesenick snappa bronsen frå landsmannen Hans-Peter Gies, begge nådde 21,14 m, på betre andrestøyt.

I august 1974 sette Komar sin siste landsrekord, då han støytte 21.19 m, ein cm lengre enn han gjorde då han vann OL-gullet. Få veker vart han nummer seks i europameisterskapen.

Komar tok fem medaljar i europeiske innandørsmeisterskap i tida 1966-78, tre sølv- og to bronsemedaljar. Desse meisterskapane hadde jamnast svakare deltaking enn utandørsmeisterskapane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Etter OL-gullet i München var Komar ein av Polens mest populære sportsutøvarar. Hans lystige lynne gjorde han seinare til ein populær skodespelar og fjernsynskommentator.

Komar, den tidlegare stavhopparen Tadeusz Ślusarski og ein tredjemann, omkom i ei bilulukke ved landsbyen Ostromice i Vorpommern. Dei var då på veg heim frå ein idrettsfest. Komar vart 58 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]