Walk On av Boston
Walk On Studioalbum av Boston | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. juni 1994 | |
Innspelt | November 1990 – desember 1993 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 44:24 | |
Selskap | MCA | |
Produsent | Tom Scholz | |
Boston-kronologi | ||
---|---|---|
Third Stage (1986) |
Walk On | Greatest Hits (1997)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Entertainment Weekly | C+[2] |
Rolling Stone | [3] |
Walk On er det fjerde studioalbumet til det amerikanske hardrockbandet Boston, gjeve ut den 7. juni 1994 av MCA Records.[1] Det er det einaste albumet utan vokalisten Brad Delp, som kom inn att i albumet på den påfølgjande turneen for albumet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Etter suksessen med albumet Third Stage i 1986, byrja bandet å planlegge ein oppfølgjar og byrja å skrive songar i 1988. Men på grunn av aukande krangling og usemjer mellom gitariste og leiaren i bandet, Tom Scholz og songaren Brad Delp, slutta Delp i 1989 for å bli med i eit band i lag med den tidlegare Boston-gitaristen Barry Goudreau, kalla RTZ. Kort tid etter vart Fran Cosmo henta inn og introdusert som den nye songaren i bandet. Delp kom attende til Boston for å hjelpe til med å skrive songar og song solovokal på den påfølgjande Walk On Tour, men song ikkje på sjølve albumet. Delp og Cosmo song begge på det neste Boston-albumet, Corporate America.
Etter det kom ut nådde Walk On sjuandeplassen på Billboard 200 og gav ein hit, «I Need Your Love». Albumet selde til platinaplate i USA den 8. september 1994.[4][5]
Dei siste åtte sidene av plateomslaget vart kalla «Walk On — Against Violence and Cruelty», og omhandla å forhindre vald i heimen og dyremishandling med kontaktinformasjon til mange organisasjonar, som National Coalition Against Domestic Violence og Humane Society.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Need Your Love» | Tom Scholz, Fred Sampson | 5:33 |
2. | «Surrender to Me» | Scholz, David Sikes, Bobby Laquidara | 5:34 |
3. | «Livin' for You» | Scholz | 4:58 |
4. | «Walkin' at Night» (Instrumental) | Scholz | 2:02 |
5. | «Walk On» | Scholz, Brad Delp, Sikes | 2:58 |
6. | «Get Organ-ized/Get Reorgan-ized» (Instrumental) | Scholz | 4:28 |
7. | «Walk On (Some More)» | Scholz, Delp, Sikes | 2:55 |
8. | «What's Your Name» | Scholz | 4:28 |
9. | «Magdalene» | Scholz, Sikes, Galen «Rusty» Foulke | 5:58 |
10. | «We Can Make It» | Scholz, Sikes, Bob Cedro | 5:30 |
- spor 4, 5, 6 og 7 er alle del av ein lang song («Walk On Medley»), men hadde forskjellige spor på CD-plata.
- «Walkin' at Night» og «Get Organ-ized» er instrumentalar.
- «Magdalene» vart opphavleg skriven av Pennsylvania-bandet Hybrid Ice.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Tom Scholz – gitar, bass, trommer, piano, orgel, klaverinstrument, clavinet, klapping, produsent, lydteknikar, arrangør, «moral støtte og snop»
- Fran Cosmo – solovokal
- Gary Pihl – gitar, klapping, assisterande lydteknikar
- David Sikes – bassgitar, korvokal, assisterande lydteknikar
- Doug Huffman – trommer
- Matt Belyea – klapping
- Bob Cedro – rytmegitar, spesialeffektar, klapping
- Tommy Funderburk – korvokal
- Sean Olsen - klapping, rytmegitar, fløyte
- Ted Jensen – mastering
- Ron Larson – design, illustrasjonar
- Andy Engel – konsept for plateomslaget
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1994) | Plassering |
---|---|
Kanadiske album (RPM)[6] | 10 |
Nederlandske album (MegaCharts)[7] | 25 |
Tyske album (Media Control)[8] | 40 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[9] | 16 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[10] | 16 |
Britiske album (OCC)[11] | 56 |
US Billboard 200[12] | 7 |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1994 | «I Need Your Love» | Mainstream Rock spor | 4 |
1994 | «I Need Your Love» | The Billboard Hot 100 | 51 |
1994 | «I Need Your Love» | Top 40 Mainstream | 35 |
1994 | «Walk On Medley: Walk On» | Mainstream Rock spor | 14 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Organisasjon | Nivå | Dato |
---|---|---|
RIAA – USA | Gull | 11. august 1994 |
Platinum | 8. september 1994 | |
CRIA – Canada | Gull | Jun 14, 1994 |
Platinum | Jun 14, 1994 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Walk On (Boston album)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Walk On - Boston». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 16. mai 2020.
- ↑ Frost, Deborah. «Walk On». Henta 20. november 2019.
- ↑ Evans, Paul. «Boston: Walk On». Arkivert frå originalen 28. august 2007. Henta 16. mai 2020.
- ↑ Billboard Charting History - Walk On. Henta on 16. mai 2020.
- ↑ «Gold and Platinum Database Search». Henta 16. mai 2020.
- ↑ «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». Library and Archives Canada. 31. mars 2004. Henta 16. mai 2020.
- ↑ "Boston – Walk On". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 16. mai 2020.
- ↑ "Boston - Walk On". Charts.de. Media Control. Henta 16. mai 2020.
- ↑ "Boston – Walk On". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 16. mai 2020.
- ↑ "Boston – Walk On". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 16. mai 2020.
- ↑ "Boston | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 16. mai 2020.
- ↑ "Boston Album & Song Chart History" Billboard 200 for Boston. Prometheus Global Media.