Barry Goudreau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barry Goudreau

Fødd29. november 1951 (72 år)
FødestadBoston, Massachusetts i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1969
SjangerHardrock, rock
InstrumentGitar, vokal
Tilknytte artistar
Verka sommusikar, gitarist

Barry Goudreau (fødd 29. november 1951) er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som ein av dei originale gitaristane i rockebandet Boston.

På slutten av 1960-åra møtte Goudreau Tom Scholz og arbeidde med han og Brad Delp så tidleg som i 1969 på ei samling demoinnspelingar. Seinare omarbeidde Scholz desse songane og ein del av dei vart spelte inn som det særs suksessrike debutalbumet til Boston frå 1976.

Scholz var ikkje interessert i å bruke nokre av songane til Goudreau på det andre Boston-albumet, og Goudreau gav ut det første soloalbumet sitt Barry Goudreau, i lag med Brad Delp og Fran Cosmo (Cosmo vart medlem av Boston i 1991) på vokal, og Sib Hashian på trommer.

I 1984 skipa Goudreau bandet Orion The Hunter og gav ut ei plate. Denne gongen var Fran Cosmo solovokalist, medan Delp var korvokalist.

I 1990 skipa Goudreau bandet RTZ (Return to Zero) i lag med Delp, som då slutta i Boston.

I 1997 var Goudreau med Lisa Guyer Band på albumet Gypsy Girl og i 2000 på albumet Leap of Faith.[1]

Goudreau og Delp gav ut ei plate i 2003 som Delp and Goudreau.

Goudreau var medlem av Ernie and the Automatics. Etter Delp døydde i 2007, gav dei andre medlemmane i RTZ ut songen «Set The Songbird Free».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

med Boston[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

med Orion The Hunter[endre | endre wikiteksten]

med RTZ[endre | endre wikiteksten]

  • Return to Zero (1991)
  • Lost (1998)
  • Lost and Found (2004)
  • Set The Songbird Free ... (single) (2007)

med Brad Delp[endre | endre wikiteksten]

med Ernie and the Automatics[endre | endre wikiteksten]

  • Live at The Real Blues Festival (2006)
  • Low Expectations (2009)

med Barry Goudreau's Engine Room[endre | endre wikiteksten]

  • Full Steam Ahead (2017)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]