Hopp til innhald

Walking into Clarksdale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walking into Clarksdale
Studioalbum av Page and Plant
Språk engelsk
Utgjeve 21. april 1998
Innspelt Abbey Road Studios i London i England
Sjanger Hardrock
Lengd 60:43
Selskap Atlantic Records (US)
Mercury Records
Produsent Jimmy Page og Robert Plant
Kritikk
Page and Plant-kronologi 
No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded
(1994)
Walking into Clarksdale
Robert Plant-kronologi
No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded
(1994)
Walking into Clarksdale Dreamland
(2002)


Walking into Clarksdale er eit studioalbum av Page and Plant, begge tidlegare frå det engelske rockebandet Led Zeppelin. Det kom ut på Atlantic Records den 21. april 1998. Som oppfølgjaren til No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded, tok det 35 dagar å spele inn Walking into Clarksdale. Albumet vart spelt inn og miksa av Steve Albini. Singelen «Most High»vart nominert til Grammy Award i 1999 for beste hardrocksong.

Clarksdale er ein by i Mississippi Delta og historisk heimstad for Deltablues.

Albumet nådde 8. plass i USA, 3. plass i Storbritannia og 13. plass i Noreg.

Plant spelte seinare inn songen «Please Read the Letter» med Alison Krauss for albumet deira Raising Sand i 2007.

«Blue Train» er ein song om sorga Plant følte etter sonen hans Karac døydde i juli 1977.

Alle songar er skrivne av Page/Plant/Jones/Lee.

Nr.TittelLengd
1.«Shining in the Light»4:01
2.«When the World Was Young»6:13
3.«Upon a Golden Horse»3:52
4.«Blue Train»6:45
5.«Please Read the Letter»4:21
6.«Most High»5:36
7.«Heart in Your Hand»3:50
8.«Walking into Clarksdale»5:18
9.«Burning Up»5:21
10.«When I Was a Child»5:45
11.«House of Love»5:35
12.«Sons of Freedom»4:08
Bonusspor på den japanske utgåva
Nr.TittelLengd
13.«Whiskey from the Glass»3:01

«Most High» og «Shining in the Light» vart gjevne ut som singlar og til den siste vart det laga musikkvideo.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]