Now and Zen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Now and Zen
Studioalbum av Robert Plant
Utgjeve 29. februar 1988
Innspelt Hausten 1987
Sjanger Hardrock
Lengd 46:59
Selskap Es Paranza
Produsent Robert Plant
Tim Palmer
Phil Johnstone
Kritikk
Robert Plant-kronologi
Shaken 'n' Stirred
(1985)
Now and Zen Manic Nirvana
(1990)


Now and Zen er eit album av den tidlegare Led Zeppelin-songaren Robert Plant, som kom ut i 1988 på Es Paranza. Albumet nådde 6. plass i USA og 10. plass i Storbritannia. I Noreg gjekk albumet opp til 12. plass på VG-lista.

Med eit nytt band og eit nytt syn på musikk sin, gjekk Plant seint i 1987 tilbake til ein stil som tidlegare hadde definert han i Led Zeppelin. Sjølv om Plant framleis nytta datastyrt lydteknikk i studio, som han hadde gjort på dei førre soloalbuma sine, innlemma han her òg blues som ein ikkje hadde høyrt i det heile på det førre albumet Shaken 'n' Stirred (1985). Ein meir markant gitarlyd og ei eksotisk kjensle markerte òg ei ny retning for Plant, som no la til arabiske tonar i songar som «Heaven Knows». Dette var ei retning han kom til å utforske meir i 1990-åra med Page and Plant.

På songane «Heaven Knows» og «Tall Cool One» spelar Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page. Som svar til at Beastie Boys hadde sampla nokre Led Zeppelin-songar utan løyve på albumet Licensed to Ill i 1986, nytta Plant òg samplingar frå Led Zeppelin-songar («Whole Lotta Love», «The Ocean», «Black Dog» og «Custard Pie») på «Tall Cool One», i tillegg til at han song tekst frå «When the Levee Breaks».

«Walking Towards Paradise» var opphavleg eit bonusspor som berre fanst på CD-utgåva av albumet. Rhino Entertainment gav ut albumet på ny i 2007 med ekstra bonusspor.

Plant framførte «Ship of Fools», «Tall Cool One» og «Heaven Knows» på konserten for Atlantic Records 40th Anniversary i 1988. «Ship of Fools» vart òg nytta i den to timar lange siste episoden av Miami Vice.

I eit intervju med Uncut i 2005 kommenterte Plant albumet «då Now and Zen kom ut i '89, såg det ut som eg var stor igjen. Eg var på Topp 10 på begge sider av Atlanteren. Men når eg lyttar til det no, kan eg høyre mange songar som gjekk tapt i teknologien på den tida.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Heaven Knows»  Barratt, Johnstone 4:06
2. «Dance on My Own»  Crash, Johnstone, Plant 4:30
3. «Tall Cool One»  Johnstone, Plant 4:40
4. «The Way I Feel»  Boyle, Johnstone, Plant 5:40
5. «Helen of Troy»  Johnstone, Plant 5:06
6. «Billy's Revenge»  Johnstone, Plant 3:34
7. «Ship of Fools»  Johnstone, Plant 5:01
8. «Why»  Crash, Plant 4:14
9. «White, Clean and Neat»  Johnstone, Plant 5:28
10. «Walking Towards Paradise»  Williams 4:40
Bonusspor på 2007-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Billy's Revenge» (live) 6:00
12. «Ship of Fools» (live) 10:35
13. «Tall Cool One» (live) 5:07

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1988) Topplassering
Den norske albumlista[2] 12
Den britiske albumlista[3] 10
Den svenske albumlista[4] 18
Den kanadiske albumlista[5] 4
US Billboard The 200 Albums Chart 6
Den australske albumlista[6] 27
Den tyske albumlista 48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nigel Williamson, "Good Times...Bad Times", Uncut, mai 2005, s. 62.
  2. «Top 40 Albums - 6 March 1988». norwegiancharts.com. Henta 29. mars 2011. 
  3. «Top 100 Albums - 12 March 1988». chartstats.com. Arkivert frå originalen 2013-01-02. Henta 29. mars 2011. 
  4. «Top 60 Albums - 16 March 1988». swedishcharts.com. Henta 29. mars 2011. 
  5. «RPM Albums Chart - 9 April 1988». RPM. Henta 29. mars 2011. 
  6. «Top 50 Albums - 3 July 1988». ARIA. Henta 29. mars 2011.