Walter Munk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Walter Heinrich Munk
Crafoordprize 2010-03.jpg
Munk i Stockholm i 2010 for å ta imot Crafoord-prisen.
Fødd 19. oktober 1917
Wien i Austerrike-Ungarn
Nasjonalitet USA
Område Oseanografi, geofysikk
Yrke oceanographer, universitetslærar, vitskapsfolk
Institusjonar University of California, San Diego
Alma mater California Institute of Technology
Columbia University
University of California, Los Angeles
Scripps Institution of Oceanography
Doktorgradsrettleiar Harald Ulrik Sverdrup
Medlem Royal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet

Walter Heinrich Munk (fødd 19. oktober 1917) er ein amerikansk oseanograf og geofysikar.

Han vart professor i geofysikk ved University of California i 1954. Saman med Harald Ulrik Sverdrup utarbeida han den første praktiske metoden for bølgjevarsling. Han har gjeve banebrytande bidrag til teorien om havstraumar og har i tillegg arbeidd med tidvatn, havbølgjer, jordrotasjonen og fleire andre emne.

Han vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen i 1975.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]