WarioWare: Twisted!
WarioWare: Twisted! | |
Utviklar(ar) | Nintendo SPD Intelligent Systems |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Produsent(ar) | Yoshio Sakamoto |
Serie | WarioWare |
Plattform(er) | Game Boy Advance |
Utgjeving | JP: 14. oktober 2004 AUS: 19. mai 2005 NA: 23. mai 2005 |
Sjanger | Minispel-samling |
Spelemodus | Einspelar |
Medium | Spelekassett med gyro-sensor |
Aldersgrense | CERO: A ESRB: E OFLC: G |
WarioWare: Twisted! (まわる メイドインワリオ Mawaru Made In Wario) er ei samling av minispel for Game Boy Advance, utvikla og utgjeve av Nintendo. Det var gjeve ut i Japan oktober 2004 og i Australia og Nord-Amerika mai året etter. Spelet er ikkje blitt lansert i Europa. Twisted! er det tredje i WarioWare-serien.
Oppsett[endre | endre wikiteksten]
Spelekassetten til WarioWare: Twisted! har ein innebygd sensor som registrerer korleis ein rører på spelekonsollen, i tillegg til ein riste-funksjon som får konsollen til å riste under visse høve i spelet. Dei fleste mikrospela i spelet blir spelte ved å rotere på heile spelekonsollen.
Som tidlegare WarioWare-spel går spelet ut på å klare mikrospel som kjem på rad og rekkje. Nytt i dette spelet er at spelaren ikkje får poeng for tapte mikrospel; spelet tel berre kor mange mikrospel ein greier. Kvar karakter i spelet har sin eigne spelestil.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad (på japansk)