Warren Ellis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Warren Ellis
Warren Ellis César 2016.jpg
Warren Ellis på César Awards i 2016
Fødd14. februar 1965 (56 år)
FødestadBallarat i Australia
OpphavAustralia
InstrumentFiolin, piano, trekkspel, bouzouki, gitar, fløyte, mandolin, tenorgitar, bratsj
Tilknytte artistarDirty Three
Nick Cave and the Bad Seeds
Grinderman
Charlie Marshall and the Body Electric
PlateselskapAnchor & Hope
Bella Union
Verka somMusikar, komponist
PrisarCésar for beste filmmusikk

Warren Ellis (fødd 14. februar 1965)[1] er ein australsk musikar og komponist. Han er mest kjend som medlem av fleire grupper: Dirty Three, Nick Cave and the Bad Seeds og Grinderman. Han har òg komponert filmmusikk i lag med Nick Cave. Ellis spelar fiolin, piano, trekkspel, bouzouki, gitar, fløyte, mandolin, tenorgitar og bratsj.[2][3] Han har vore medlem av Nick Cave and the Bad Seeds sidan 1994.[4][5]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Warren Ellis i Dirty Three under WOMADelaide 2012

Ellis var fødd i Ballarat i Victoria i Australia.[6] Han har sagt at det var tilfeldig at han byrja med musikk. Då han leika på den lokale søppeldynga fann han eit trekkspel. Han tok det med seg til skulen og læraren hans viste han korleis han skulle spele på det.[7] Han lærte seg seinare å spele klassisk fiolin og fløyte på skulen i Ballarat.

Etter at han vann eit stipend til ein privat vidaregåande skule,[8] studerte Ellis ved universitetet i Melbourne, der han studerte klassisk fiolin. Etter dette arbeidde han ei kort stund som lærar i Victoria. I januar 1988 reiste han til Europa, der han spelte som gatemusikar i Hellas, Ungarn, Skottland og Irland. Eit år seinare kom han attende til Australia.[6][9] Ellis skreiv så musikk for teatergrupper og spelte på kunstopningar og skodespel i Melbourne, før han byrja å spele med band tidleg i 1990-åra.[3][10]

I 1992 skipa Ellis The Dirty Three med gitaristen Mick Turner og trommeslagaren Jim White. Fram til 2018 har bandet spelt inn ni studioalbum, inkludert fleire som har gått inn på den australske albumlista.

I 1993 vart Ellis inviterte med på ei innspeling med Nick Cave and the Bad Seeds som ein del av eit lite strykeensemble for fleire songar på Let Love In (utgjeve 1994). Han vart etter kort tid fulltidsmedlem i bandet, og spelte i starten særleg fiolin, men gjekk gradvis òg over til andre instrument. Ellis kom sidan til å vere medlåtskrivar på fleire av songane til bandet og vart ein viktig bidragsytar i lag med songaren Nick Cave for filmmusikk- og andre prosjekt. Ellis var òg medlem av Grinderman, ei sidegruppe frå The Bad Seeds, som har gjeve ut to album.[3]

I 2002 gav Ellis ut eit soloalbum på King Crab records kalla Three Pieces for Violin. Sidan 2005 har han spelt på fleire album med Marianne Faithfull. Nick Cave og Warren Ellis komponerte den prisvinnande musikken for filmen The Proposition,[11] og samarbeidde igjen på musikk for The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford,[12] The Road,[13] og Far from Men.[14]

I 2009 gav Nick Cave og Warren Ellis ut White Lunar – eit album med anna filmmusikk.[15]

Ellis har budd i Paris sidan 1998 med ein fransk kone og dei to barna deira.[16][3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Three Pieces for Violin (2002)

Solomusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Mustang, filmmusikk (2015)
  • Django, filmmusikk (2017)
  • This Train I Ride, filmmusikk (2019)
  • Purple Perilla, bokmusikk (2021)[17]

Samarbeid med Nick Cave[endre | endre wikiteksten]

Andre samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Warren Ellis | Biography & History». AllMusic (på engelsk). Henta 1. mai 2021. 
  2. «CULTURE : Digging diamonds from the dirt; Dirty Three Birmingham Academy 2». Thefreelibrary.com. Henta 25. juli 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Warren Ellis Interview». BBC. Henta 25. juli 2021. 
  4. Baker, J. (2013). The Art of Nick Cave: New Critical Essays. Intellect Books. s. 72. 
  5. «Liverpool – Entertainment – Dirty Three @ Carling Academy». BBC. Henta 25. juli 2021. 
  6. 6,0 6,1 Calkin, J. «Flying on instruments». The Telegraph. Arkivert frå originalen 2014-09-03. 
  7. Badham, Van (3. januar 2016). «Warren Ellis of Dirty Three: music is a place to get away from things». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  8. Option: Volumes 66–71, Sonic Options Network, 1996
  9. Dwyer, M. «Wild seed». The Age. 
  10. «From The Archives -Dirty Three- Concert Chronology / Gigography». Fromthearchives.com. Henta 25. juli 2021. 
  11. Deusner, Stephen M. (21. februar 2006). «The Proposition OST». Pitchfork. Henta 25. juli 2021. 
  12. Klein, Joshua (1. februar 2008). «The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford». Pitchfork. Henta 25. juli 2021. 
  13. Murray, Robin (12. januar 2010). «Warren Ellis On 'The Road' Score». Clash Magazine. Henta 25. juli 2021. 
  14. Fischer, Russ (6. april 2015). «Sample the Nick Cave and Warren Ellis Score for 'Far From Men'». Slash Film. Henta 25. juli 2021. 
  15. Lusk, Jon (2009). «Nick Cave & Warren Ellis White Lunar Review». BBC Music (BBC). Henta 25. juli 2021. 
  16. «More than one string to his bow». The Age. Henta 25. juli 2021. 
  17. Purple Perilla by Warren Ellis (på engelsk), henta 16. mai 2021 
  18. «Vesturport». Vesturport.com. Henta 25. juli 2021. 
  19. «Trailer: Nick Cave-Penned/Scored 'Lawless'». Twentyfourbit.com. Henta 25. juli 2021. 
  20. http://www.allmusic.com/album/son-of-rogues-gallery-pirate-ballads-sea-songs-chanteys-mw0002476575
  21. https://www.franceculture.fr/evenement/cinesonore-le-brasier-shelley-un-film-sans-image-en-son-immersif-au-mk2-bibliotheque-a-paris
  22. http://www.anti.com/news/tinariwen-release-new-album-amadjar-today/
  23. «she walks in beauty | Marianne Faithfull Official». Mariannefaithfull.org.uk. Henta 25. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]