Watergun av Remo Forrer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Watergun»
Song av Remo Forrer

Land Sveits
Språk Engelsk
Utgjeve 7. mars 2023
Sjanger Pop-ballade
Lengd 02:52
Selskap Manifester Music
Tekstforfattar Ashley Hicklin
Låtskrivar(ar) Argyle Singh, Ashley Hicklin, Mikołaj Trybulec

«Watergun» (norsk omsetjing ‘vasspistol’) er ein song frå 2023 med den sveitsiske artisten Remo Forrer. Songen blei gjeven som singel 7. mars 2023 og var det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Watergun» er skriven av låtskrivartrioen Argyle Singh, Ashley Hicklin og Mikolaj Trybulec. Songen blir skildra som ein kraftballade, og teksta handlar om «hjelpelausheita i møte med verdas konfliktar».[2] I ein artikkel uttalte songaren Remo Forrer at «min generasjon må leve med konsekvensane av vala som ikkje blei tekne av oss. Det er frustrerande, men eg håpar likevel at det mogleg med endringar». Songen blei også skildra som ein appell for fred.[3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Watergun» blei send inn til kringkastaren SRG SSR si tevling for å finne det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest. Gjennom fleire interne seleksjonsrunder, inkludert fag- og publikumsjuryar, blei songen vald til det sveitsiske bidraget.

Remo Forrer blei vald til å framføre bidraget, og han blei kunngjord som den sveitsiske representanten 20. februar 2023. Forrer hadde tidlegare vunne The Voice of Switzerland. «Watergun» blei gjeven ut for strøyming og nedlasting 7. mars 2023.[4]

Sveits deltok i den fyrste semfinalen tysdag 9. mai i Liverpool. Der blei «Watergun» nummer sju og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[5] I finalen enda songen på 20. plass med 92 poeng.[6][7]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[8] 70
Finland (Suomen virallinen lista)[9] 26
 Island (Plötutíðindi)[10] 27
 Litauen (AGATA)[11] 27
 Nederland (Single Tip)[12] 17
 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[13] 1
 Sveits (Schweizer Hitparade)[14] 2
UK Singles (Official Charts Company)[15] 26

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ««The Voice»-Gewinner - Eurovision Song Contest 2023: Remo Forrer singt für die Schweiz». Schweizer Radio und Fernsehen (SRF) (på tysk). 20. februar 2023. Henta 23. mars 2023. 
  2. «EurovisionSong Contest: Remo Forrer tritt mit Pop-Ballade an». persoenlich.com (på engelsk). Henta 23. mars 2023. 
  3. ««Watergun» von Remo Forrer - Wie viele Punkte holen wir mit diesem ESC-Song?». Schweizer Radio und Fernsehen (SRF) (på tysk). 7. mars 2023. Henta 23. mars 2023. 
  4. Stefano (7. mars 2023). «Eurovision2023 Switzerland: Remo Forrer releases Watergun! - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). Henta 23. mars 2023. 
  5. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  6. «RemoForrer». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  7. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  8. «SingleCharts vom 23. Mai 2023». Ö3 Austria Top 40. 8. november 2019. Henta 23. mai 2023. 
  9. "Finnishcharts.com – Remo Forrer – Watergun". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  10. «Tónlistinn– Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Henta 21. mai 2023. 
  11. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  12. «DutchSingle Tip 20/05/2023». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 20. mai 2023. 
  13. «VeckolistaHeatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023. 
  14. «RemoForrer – Watergun». Hitparade.ch. Henta 5. juni 2023. 
  15. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.