Wernersholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wernersholm
Minnetavle til minne om at Bjørnstjerne Bjørnson skreiv «Ja, vi elsker» her.
Innskripsjonar på ein stein ved Wernersholm

Wernersholm er ein lystgard bygd av lagmann og kanselliråd Werner Hosewinckel Christie (1746-1822) på den gamle garden på Hop i dagens Fana bydel i Bergen. Han hadde kjøpt garden i 1784.

Christie hadde sett i gang marmordriftMarmorøen, som ligg i Nordåsvatnet like i nærleiken. Dette var nok medverkande til at han kjøpte Hop og bygde eigedomen sin her. Han reiv dei gamle gardshusa og bygde ein kanal frå Hopsvatnet slik at den nye lystgarden og parken rundt vart liggande på ein eigen, kunstig holme. Hovudbygningen som han bygde, «Storhuset», hadde to etasjar og låg noko lenger nord enn det noverande huset som står her. I tillegg hadde Storhuset full kjellar, noko som då var ei uvanleg løysing for eit herskapshus.

Lystgarden var særleg kjend for kyrkja Christie fekk bygd her. Han teikna sjølv både våningshuset og kyrkja, og han fann sjølv opp oppskrifta til byggmaterialet til kyrkja, som bestod av rydningsstein med kalksambindningar kledd med ein slag pappmasjé. Dette materialet vart òg nytta til dekorasjonar. Kyrkja var åttekanta med eit sirkelforma interiør med åtte søyler med kjerne av tre kledd med leire og pappmasjé forma som korintiske søyler. Christie hadde kjøpt kapellet på St. Jacobs kyrkjegard, rive det ned og nytta noko av tømmeret i si eiga kyrkje. I midten hadde kyrkja eit halvkuleforma kuppel og eit lite tårn. Innvendig var det galleri og kyrkja hadde plass til heile 800 menneske. Kyrkja kom i bruk i 1796 og vart samanlikna med Peterskyrkja eller Pantheon i Roma.

Michael Krohn kjøpte Wernersholm då Christie døydde barnlaus i 1829. Han reiv både kyrkja og lystgarden og bygde den noverande hovudbygningen, teikna av Frantz Henrik d'Aubert. Denne bygningen er på ein etasje i empirestil. Bygningen vart ombygd i 1898 og 1913-1914.

Med Krohn var på Wernersholm vart han vitja av Bjørnstjerne Bjørnson i 1859, som då skreiv «Ja, vi elsker dette landet» her. I 1932 vart det sett opp ei minnetavle til minne om denne hendinga på Wernersholm.

Frå 1879 kom Wernersholm til fabrikkeigar Jørgen Petersen, og slekta hans hadde eigedomen til 1989. I 1993 overtok ei gruppe arkitektar eigedomen, Wernerholmgruppen, med føremål om å føre bygningen tilbake til den opphavlege utsjånaden. Frå 2002 er huset eigd va Annine Birkeland og Stig Anderson.

Wernersholmvegen like ved er kalla opp etter eigedomen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0. 
  • Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon - Tilføyelser og rettelser (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.