Michael Krohn (1793-1878)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Krohn

Fødd14. mai 1793
Død31. august 1878 (85 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeforretningsdrivande, handelsmannn
BarnGeorg Herman Krohn

Michael Krohn (fødd 14. mai 1793 i Bergen, død 31. august 1878 WernersholmHop i Bergen) var ein norsk kjøpmann frå Bergen.

Michael Krohns gate i Laksevåg bydel i Bergen er kalla opp etter denne Michael Krohn.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Michael Krohn høyrde til ein av dei fremste kjøpmannsslektene i Bergen og var son av kjøpmann Wollert Danchertsen Krohn (1765–1834) og Cecilie Margrethe Meyer (1763–97). 11. mars 1817 gifta han seg med Fridrica Lovise Monrad (8. desember 1794–17. juli 1868).

Etter skule i Bergen fekk han handelsutdanning i utlandet og så praktisk forretningserfaring i handelshuset til familien Wollert Krohn, seinare Krohn & Co. I 1829 tok han over familiebedrifta, som han i 1850 overlet til sonen Wollert Danckert Krohn.

I 1829 kjøpte han lyststaden Wernersholm på Hop i Fana etter Werner Christie. Her fekk han oppført eit hovedhus i empirestil. På Hop dreiv han òg det eldre marmorbrotet til Christie fram til 1850-åra. I 1859 vart Krohn vitja av Bjørnstjerne Bjørnson som skreiv «Ja, vi elsker» under besøket.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Michael Krohn var drivkrafta bak opprettinga av fleire store selskap i Bergen. I 1845 starta han Det Bergenske Søassuranceselskab. Frå 1851 til 1868 var han direktør i Bergens Assuranceforening. Han arbeidde med å binde Bergen og distrikta rundt saman med å opprette lokale dampskipselskap. I tillegg kom han med ideen om å byggje Nygårdsbrua over Nygårdsstrømmen mellom Store Lungegårdsvannet og Puddefjorden for slik å knyte Bergen tettare til naboherradet Årstad i sør.

I 1851 fekk han hjelp av britane til å starte Det Bergenske Dampskibsselskab som skulle spele ei viktig rolle i rute- og linjefart i Bergen i meir enn 100 år. Dette var ei økonomisk vanskeleg tid for Bergen og motstanden til oppstarten av selskapet var stor. Enno større var motstanden til planane hans om eit skipsverft i Solheimsviken i Bergen. Han fekk likevel startkapital og starta Bergen Mekaniske Verksted i 1855. Same året starta han òg Bergens Privatbank.

Verdt å merke seg er at det var først då han var i 50-60-årsalderen at han starta den store innsatsen for handel, skipsfart og industri i Bergen.

Krohn vart vald som suppleant til Stortinget 1845, 1854 og 1857, men var lite interessert for rikspolitikk. Han sat derimot i bystyret i Bergen i fleire år frå 1839. Her arbeidde han hardt for å skaffe Bergen offentleg vassleidning, noko som kom til i 1855. Året etter var han med på å starte eit lite gassverk i 1849, som var det første i Bergen. Krohn var medlem av børskomitéen i byen 1848 til 1856, sekretær i losjen Den Gode Hensigt og medlem i Det Nyttige Selskab frå 1817. Han var òg austerriksk konsul frå 1829.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Michael Krohn» i Store norske leksikon, snl.no.