Where I Come From av New Riders of the Purple Sage
Where I Come From Studioalbum av New Riders of the Purple Sage | ||
Utgjeve | 2. juni 2009 | |
Innspelt | 2008 | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 73:26 | |
Selskap | Woodstock | |
Produsent | Michael Falzarano | |
New Riders of the Purple Sage-kronologi | ||
---|---|---|
Very Best of the Relix Years (2009) |
Where I Come From | Setlist: The Very Best of New Riders of the Purple Sage Live (2011)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Glide Magazine | [2] |
Grateful Web | ikkje vurdert [3] |
Jambands.com | ikkje vurdert [4] |
KindWeb | ikkje vurdert [5] |
Marin Independent Journal | ikkje vurdert [6] |
Where I Come From er det fjortande studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet New Riders of the Purple Sage.[1][7][8] Det vart spelt inn i 2008 og kom ut på Woodstock Records den 2. juni 2009.
Etter Wanted: Live at Turkey Trot, var Where I Come From det andre albumet New Riders spelte inn etter dei kom saman att i 2005, med det opphavlege medlemmet David Nelson på gitar, det langvarige medlemmet Buddy Cage på pedalsteelgitar, Hot Tuna-medlemmane Michael Falzarano på gitar, Ronnie Penque på bass og Johnny Markowski på trommer. Det var det første studioalbumet deira på 17 år, etter Midnight Moonlight i 1992.
Musikken på sju av songane var skriven av David Nelson, med tekstar av Robert Hunter, som skreiv mange av tekstane til Grateful Dead.[9][10] Fire av dei andre fem songane var òg skrivne av medlemmar i bandet. I 2010 kom ein versjon av songen «Olivia Rose», skriven av Ronnie Penque, ut på albumet Only Road Home.
Plateomslaget til Where I Come From vart illustrert av Stanley Mouse, ein kunstnar kjend for mange konsertplakatar og plateomslag.
Somme eksemplar av albumet kom med ei bonusplate kalla Where I Come From: Radio Mixes & Live Bonus.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Where I Come From
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Where I Come From» | David Nelson, Robert Hunter | 7:40 |
2. | «Big Six» | Nelson, Hunter | 4:16 |
3. | «Barracuda Moon» | Nelson, Hunter | 7:56 |
4. | «Higher» | Johnny Markowski, Bobby Driscoll | 6:00 |
5. | «Down the Middle» | Nelson, Hunter | 5:33 |
6. | «Them Old Minglewood Blues» | Trad. arr. Nelson | 5:01 |
7. | «Something in the Air Tonight» | Michael Falzarano | 3:56 |
8. | «Olivia Rose» | Ronnie Penque | 5:23 |
9. | «Blues Barrel» | Nelson, Hunter | 5:58 |
10. | «Ghost Train Blues» | Nelson, Hunter | 10:36 |
11. | «Carl Perkins Wears the Crown» | Falzarano | 4:33 |
12. | «Rockin' with Nona» | Nelson, Hunter | 6:57 |
Where I Come From: Radio Mixes & Live Bonus
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Where I Come From» (radiomiks) | Nelson, Hunter | 4:20 |
2. | «Barracuda Moon» (radiomiks) | Nelson, Hunter | 4:09 |
3. | «Higher» (radiomiks) | Markowski, Driscoll | 4:16 |
4. | «Pour House Jelly with Professor Louie» (lydsjekk i The Pour House 18. sep. 2007) | New Riders of the Purple Sage | 4:30 |
5. | «Let It Grow with Professor Louie» (Lydsjekk i Shawnee Cave 30. sep. 2006) | Falzarano | 12:33 |
6. | «Louisiana Lady» (konsertopptak frå Turkey Trot 30. juli 2006) | John Dawson | 5:04 |
7. | «Peggy-O» (konsertopptak frå Turkey Trot 30. juli 2006) | Trad. arr av Nelson | 6:12 |
8. | «Truck Driving Man» (konsertopptak frå Turkey Trot 30. juli 2006) | Buck Owens | 6:23 |
9. | «Dirty Business» (konsertopptak frå Turkey Trot 30. juli 2006) | Dawson | 18:08 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]New Riders of the Purple Sage
[endre | endre wikiteksten]- David Nelson – gitar, vokal
- Buddy Cage – pedalsteelgitar
- Michael Falzarano – gitar, vokal
- Ronnie Penque – bass, vokal
- Johnny Markowski – trommer, vokal
Andre medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Mookie Siegel – klaverinstrument på spor 4, 5, 8, 11 og 12
- Christian Cassan – perkusjon på spor 2, 4, 5, 7 og 9
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Michael Falzarano – produsent
- Stanley Mouse – illustrasjonar
- Kevin Morgan – design
- Christian Cassan og Michael Falzarano – miksing
- Ed Littman – mastering
- Captain Toast – turnémanager
- ScareKrow and LT – mannskap
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Where I Come From (New Riders of the Purple Sage album)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2020.
- ↑ 1,0 1,1 Ruhlmann, William. Where I Come From av New Riders of the Purple Sage på Allmusic
- ↑ Collette, Doug. (10. juli 2009). Where I Come From, Glide magazine
- ↑ Suchak, Sanjay. (15. mai 2009). Where I Come From at The Grateful Web
- ↑ Robbins, Brian (1. juni 2009). Where I Come From at Jambands.com
- ↑ Conway, Jud (27. mai 2009). Where I Come From at KindWeb
- ↑ Liberatore, Paul (8. mai 2009). Where I Come From, Marin Independent Journal
- ↑ Jackson, Blair (15. juli 2009). «The New Riders Return with a Fine New Album», dead.net
- ↑ Robbins, Brian (26. april 2009). «Buddy Cage: Still Steeling Away», Jambands.com
- ↑ Where I Come From at the Grateful Dead Family Discography
- ↑ Buddy Cage interview at The Best of Website