Who the Hell Is Edgar?
| «Who the Hell Is Edgar?» Song av Teya og Salena | ||
| Land | Austerrike | |
| Språk | Engelsk | |
| Utgjeve | 8. mars 2023 | |
| Sjanger | Pop | |
| Lengd | 02:39 | |
| Selskap | Warner Music Germany | |
| Komponist | Teya, Salena, Pele Loriano | |
| Låtskrivar(ar) | Teodora Špirić, Selina-Maria Edbauer, Ronald Janeček, Pele Loriano | |
|---|---|---|
«Who the Hell Is Edgar?» (norsk omsetjing ‘kven i helvete er Edgar?’) er ein song med den austerrikske duoen Teya og Salena. Sangen blei gjeven 8. mars 2023 og var det austerrikske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Who the Hell Is Edgar?» er skriven av duoen sjølv, beståande av Teodora Špirić og Selina-Maria Edbauer. Dei skreiv songen saman med låtskrivarduoen Ronald Janeček og Pele Loriano, som også produserte låten. Songen blei til under ein låtskrivarleir i Tsjekkia.[1]
Songen blei gjeven ut 8. mars 2023, på den internasjonale kvinnedagen. Ifølgje artistane er ikkje låten nokon «feministisk hymne, men eit morosam augneblinksbilete av ein dialog mellom to venninner». «Edgar» i tittelen peikar til den amerikanske skribenten, poeten og litteraturkritikaren Edgar Allan Poe.[2] I teksta hevdar songarane at attergangaren av Poe har teke kroppane deira. Han lagar eit lyrisk meisterverk gjennom dei, ein song som er så spesiell at han kan gjere dei rike.[3] Teksta er vidare eit satirisk spark til musikkindustrien og summane som artistar får utbetalt gjennom strøyming og sal.[3] Blant anna trekkjer dei fram talet 0,003, som er dollar-beløpet som artistar får for kvar strøyming på Spotify.[4]
Eurovison Song Contest
[endre | endre wikiteksten]«Who the Hell Is Edgar?» blei internt vald av den austerrikske kringkastaren ORF til å representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2023. Austerrike deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der blei «Who the Hell Is Edgar?» nummer to og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[5] Dette var fyrste gongen sidan 2018 at Austerrike kvalifiserte seg til ein Eurovision-finale. I finalen opna Austerrike showet og blei nummer 15 av 26 bidrag.[6]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]| Liste (2023) | Høgaste plassering |
|---|---|
| 43 | |
| 4 | |
| Finland (Suomen virallinen lista)[9] | 20 |
| 26 | |
| 67 | |
| 12 | |
| 10 | |
| 2 | |
| 51 | |
| 79 | |
| UK Singles (Official Charts Company)[17] | 48 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «SongContest: Geheimnis gelüftet: Ex-Starmaniacs singen für Österreich | Kleine Zeitung». www.kleinezeitung.at (på tysk). 2023-01-31. Henta 2023-03-27.
- ↑ «Österreichfragt beim Song Contest: Who the hell is Edgar?». oe3.ORF.at (på tysk). Henta 2023-03-27.
- 1 2 Shokayan, Antranig (2023-03-10). «"Gas station champagne is on me" — Teya & Salena satirise the music industry in the "Who the Hell Is Edgar?" lyrics». wiwibloggs (på engelsk (USA)). Henta 2023-03-27.
- ↑ «0.003number used in Austria's Eurovision song has a very important meaning». LADbible (på engelsk). 2023-05-13. Henta 2023-05-18.
- ↑ «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 2023-01-31. Henta 2023-03-22.
- ↑ «Teya& Salena». eurovision.tv (på engelsk). Henta 2023-05-18.
- ↑ «The ARIA Report: Week Commencing 22. mai 2023». The ARIA Report (1733). Australian Recording Industry Association: 9. 22. mai 2023.
- ↑ «SingleCharts vom 23. Mai 2023». Ö3 Austria Top 40. 8. november 2019. Henta 23. mai 2023.
- ↑ "Finnishcharts.com – Teya & Salena – Who the Hell Is Edgar?". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
- ↑ «IFPI Charts». ifpi.gr. Arkivert frå originalen 25May 2023. Henta 24. mai 2023.
{{cite web}}: Check date values in:|archive-date=(hjelp) - ↑ «IRMA– Irish Charts». Irish Recorded Music Association. Henta 20. mai 2023.
- ↑ «Tónlistinn– Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Henta 21. mai 2023.
- ↑ «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «DutchSingle Tip 20/05/2023». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 20. mai 2023.
- ↑ «OLiS– oficjalna lista sprzedaży – single w streamie» (Select week 12.05.2023–18.05.2023.) (på polsk). OLiS. Henta 26 May 2023.
- ↑ «VeckolistaSinglar, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- Denne artikkelen bygger på «Who the Hell Is Edgar?» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2023.