Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 29, 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sæterhytten på Dronningberget

Dronningberget er ein kolle i den nordlege delen av halvøya Bygdøy i bydel Frogner i Oslo. Området er rundt 75 mål i utstrekning og tilhøyrer Bygdøy Kongsgård. Det blei opparbeidd som park på 1700-talet. Parken fekk namn etter dronninga til kong Karl Johan, Desideria. Dronningberget blei sett i stand som park og gjeve i gåve frå regjeringa til kong Harald V og dronning Sonja til 70-års-dagane deira i 2007.

På kollen er det gamal hassel- og lindeskog, truleg har det vore lindeskog her kontinuerleg sidan istida. Det finst ein svært rik soppflora, med nærare 170 registrerte soppartar. Sannsynlegvis finst det nærare 250 soppartar her. Dronningberget har den største førekomst av utrydningstrua artar i Noreg, så å seie alle soppar. For osloslørsopp (Cortinarius osloensis) og lindeslørsopp (Cortinarius tiliae) utgjer denne kollen halvparten av det globale leveområdet til artane. Naturen åleine gjer Dronningberget internasjonalt verneverdig. Les meir …