Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 13, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Komi i Russland

Komi, eller Den komiske republikken (på komi Komi Mu eller Komi-landet), er ein delrepublikk i den europeiske delen av Russland, på vestsida av Uralfjella, i hovudsak innafor Petsjora-elva sitt nedslagsfelt. Komi-området vart ein del av Russland i 1472, då den russiske ekspansjonen austover tok til.

Republikken er ei føderal eining i den russiske føderasjonen, og ein av dei tretten medlemmene av Barentsregionen. I nord grensar Komi mot Nenetsia, i nordaust mot Jamalo-Nenetsk, i aust mot Khanty-Mansia, i søraust mot Sverdlovsk-provinsen, i sør mot Perm-provinsen, i sørvest mot Kirov-provinsen og i vest Arkhangelsk-provinsen. Hovudstaden i republikken er Syktyvkar. Les meir...

Førre tre veker: SkriftsystemRaud blodlekamSirimavo Bandaranaike