Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 4, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) som seksåring

Wolfgang Amadeus Mozart (27. januar 17565. desember 1791) var ein austerriksk musikar og komponist. Mozart er kjend som vidunderbarn og komponist av mange ulike musikkstykke innan klassisistisk stil. Han skreiv nokre av høgdepunkta innan opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk.

Mozart var fødd i Salzburg, i det sjølvstendige erkebiskopdømet Salzburg, og blei døypt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus (Gottlieb) Mozart dagen etter at han blei fødd. Foreldra var Anna Maria Pertl Mozart og Leopold Mozart, ein leiande europeisk musikkpedagog. Han tok til å undervisa sonen i klaver- og seinare fiolinspel frå han viste musikalsk talent som treåring. Les meir…

Førre tre veker: SaltMekkafjellrev