Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 5, 2010
Utsjånad
Afrikansk historie går langt tilbake i tid, ettersom det var i Afrika at menneskeslekta oppstod. Her har det utvikla seg eit utal svært ulike språk og folkegrupper, medan rike som det gamle Egypt, Ghanariket og Zuluriket har oppstått og tankar og tru har spreidd seg.
Vestlege historikarar meinte lenge at verdsdelen mangla historie fordi det fanst få skriftlege kjelder derfrå, og fordi området hadde utvikla seg på ein annan måte enn Eurasia. I dag er afrikansk historie eit respektert felt som tek i bruk arkeologi, munnleg overlevering og den skrifta som likevel finst. Historia er likevel ikkje delt inn i fastlagde epokar slik som til dømes europeisk historie. Les meir …