Willebrord van Rojen Snell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willebrord van Rojen Snell

Willebrord Snel van Royen (1580-1626)
FøddWillebrord Snel van Rayen
13. juni 1580
Leiden
Død30. oktober 1626
Leiden
NasjonalitetKongeriket Nederlanda
Områdematematikk, fysikk, astronomi
Yrkeastronom, matematikar, fysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Leiden
Alma materUniversitetet i Leiden
DoktorgradsrettleiarLudolph van Ceulen
Rudolph Snellius (Snel van Royen)
Kjend forSnell-lova

Willebrord van Rojen Snell eller Willebrord Snellius[1] (fødd 1580, daud 30. oktober 1626 i Leiden) var ein nederlandsk astronom og matematikar mest kjend for lova om refraksjon no kjend som Snell-lova.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Snell var fødd som Willebrord Snel van Royen.[2] Han var son av Rudolph Snel van Royen, professor i matematikk ved universitetet i Leiden fram til Willebrord etterfølgde han i 1613. Snel van Royen var professor ved universitetet i Leiden 1613–1626, og han publiserte mange bøker både innan den reine matematikken og bruksmatematikk, rundt temaa landmåling, navigasjon, hydrografi og astronomi. Han omsette ein del av desse arbeida til latin, og publiserte dessutan andre lærde sine arbeid. Då han døydde vart han gravlagd i Pieterskerk i Leiden.

Snell utvikla ein metode som gjorde det mogleg å berekne pi nøyaktig til 35 siffer etter komma.

I 1621 oppdaga han lova for lysbryting, og uavhengig av Snell gjenoppdaga og publiserte Descartes denne lova i avhandlinga si Discours de la Méthode i 1637.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Framsida til verket Tiphys Batavus

Blant publikasjonane hans er:

  • Eratosthenes Batavus («Den bataviske Eratosthenes»), 1617
  • Cyclometria sive de circuli dimensione, 1621
  • Tiphys Batavus, 1624
  • Han redigerte Coeli et siderum in eo errantium observationes Hassiacae, 1618 med landgreve Wilhelm IV van Hessen sine stronomiske observasjonar.
  • Doctrina triangulorum, 1627 verk om om trigonometri, utgjeve posthumt.

Gravmæle[endre | endre wikiteksten]

I Pieterskerk i Leiden finst framleis gravsteinen over Snell og kona hans. Inskripsjonen lyder:

«Hiar leggen begraven Mr Willebrordus Snellius, in sijn leven professor matheseos, sterf op den 30 Octobris 1626, ende Maria de Longe sijne huisvrouwe sterf op den 11 Novembrius 1627». Her ligg Mr Willebrordus Snellius gravlagd, i livet professor mateseos, død den 30. oktober 1626, og Maria de Longe hans husfrue død den 11. november 1627.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Willebrord Snellius Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. at the Leiden Digital Family Tree.
  2. Encarta Winkler Prins, Grote Oosthoek

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Willebrord van Rojen Snell