William Thomson Kelvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Thomson Kelvin

'William Thomson, Lord Kelvin (26. juni 182417. desember 1907) var ein britisk matematisk fysikar som vert rekna som grunnleggaren av termodynamikk. Han var professor i fysikk ved Universitetet i Glasgow frå 1846 til 1899.

Han vart adla av dronning Victoria i 1892 til 'Baron Kelvin (Lord Kelvin) for arbeidet sitt med å leggje ein transatlantisk telegrafkabel. Namnet Kelvin kjem frå elva Kelvin som renn gjennom universitetsområda i Glasgow. Han starta ved dette universitetet ti år gammal, og då han nådde 22 år var han vorte professor her. Han vart valt som medlem av Royal Society i 1851 og var president der i perioden 1890 - 1895. I 1896 vart han tildelt Knight Grand Cross av Royal Victorian Ordar og i 1902 vart han ein av dei første medlemmane av Ordar of Merit. Han er gravlagt i Westminster Abbey i London.

Han tenkte ut den absolutte temperaturskalaen (kelvinskalaen) i 1848 og SI-eininga for temperatur, Kelvin, er kalla opp etter han. I 1951 gav han ut ei betre forklaring av skalaen, samstundes med at han kom fram til den andre termodynamikklova. I 1853 oppdaga han saman med J. P. Joule Joule-Thomson-effekten. I 1856 føresåg han Thomson-effekten. Lord Kelvin arbeidde innan mange område, tenkte ut nye metodar og gjorde mange oppfinningar. Han var konsulent for firmaet som i 1850-åra la den første transatlantiske telegrafkabelen. I dette arbeidet vart det naudsynt å nytte særs følsame måleinstrument, og han konstruerte då speilgalvanometeret

Lord Kelvin vart utnemnt til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen til Niels Henrik Abel i 1902.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]