Wilson Pass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 68°26′S 65°15′W
Wilson Pass
fjellovergang
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Grensar til Bowditch Crests, Rock Pile Peaks
Stad Graham Land
 - høgd 400 moh.
 - koordinatar 68°26′S 65°15′W
Administrert under Antarktistraktaten

Wilson Pass
68°25′60″ S 65°15′0″ W
Wilson Pass is located in Antarktis
Wilson Pass (Antarktis)

Wilson Pass er eit isbrepass på kring 400 moh, som går nordvest til søraust mellom Bowditch Crests og Rock Pile PeaksBermel Peninsula ved Bowman Coast. Fjellpasset fører frå Solbergfjorden til Mobiloilfjorden. Det vart fotografert frå lufta av Lincoln Ellsworth 1935, U.S. Antarctic Service (USAS) 1939–41, og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) 1947-48. Det er kalla opp etter Alison Wilson frå Center for Polar Archives ved National Archives i Washington, DC, som har forska på Antarktis sidan 1957 og vore medlem av U.S. Advisory Committee on Antarctic Names 1974–94, i tillegg til styreleiar 1986-93.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Wilson Pass» (innhald frå Geographic Names Information System).