Wiltonien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over sørlege Afrika med viktige funnstader avmerkte.

Wiltonien (også Wilton-industrien eller Wilton-kulturen) er ei arkeologisk nemning for ein sørafrikansk mikrolittindustri som truleg byrja for rundt 15 000 år sidan. Det er funne Wilton-verktøy i Sør-Afrika, Zambia og Zimbabwe.

Industrien har namn etter funnstaden Wilton, ein gard i Kapp-provinsen i Sør-Afrika. Han blei først skildra av John Hewitt etter utgravingar på staden saman med C.W. Wilmot. Det er også funne bustader knytt til industrien ved Kalambo-fossane ved søraustre enden av Tanganyikasjøen.

Industrien kan samanliknast med europeisk mellomsteinalder. Seine funn frå industrien viser polerte steinverktøy.

Ein delvis overlappande, litt nordlegare mikrolittradisjon var Nachikufan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]