Wonderful Christmastime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wonderful Christmastime
Singel av Paul McCartney
B-side «Rudolph the Red-Nosed Reggae»
Utgjeve 16. november 1979
Innspelt 30. august 1979 i Lower Gate Farm i Sussex
Sjanger Rock
Lengd 3:45
Selskap Parlophone, Columbia
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent Paul McCartney
Paul McCartney-kronologi
«Eat at Home»
(1971)
Wonderful Christmastime «Coming Up»
(1980)


«Wonderful Christmastime» er ein julesong av Paul McCartney frå 1979.

Songen vart gjeven ut på singel, og sidan som bonusspor på 1993-utgåva av Wings-albumet Back to the Egg. [1]

Songen vart òg gjeven ut som bonusspor på 2011-utgåva av McCartney II. Songen vart miksa i 5.1 kringlyd for DVD-utgåva av The McCartney Years i 2007.

Historie[endre | endre wikiteksten]

McCartney spelte inn songen under innspelinga av soloprosjektet McCartney II. Ingen av medlemmane i Wings er med på innspelinga, men dei er med i musikkvideoen.[2]

«Wonderful Christmastime» vart nytta i animasjonsfilmen Rudolph the Red-Nosed Reindeer: The Movie i 1998.[3]

Singelen nådde sjetteplassen på singellista i Storbritannia den første veka i januar 1980.[4] Songen nådde ikkje Billboard Hot 100 i USA, men låg to veker på julesonglista i desember 1984 med ein tiandeplass som høgaste plassering.[5] Han nådde òg 29. plassen på Billboard Hot Adult Contemporary-lista tidleg i januar 1996.[5]

Songen vert ofte spelt på radio i juletider, men somme musikkjournalistar hevdar det er den dårlegaste songen til McCartney skreiv.[6][7][8] Beatles-forfattaren Robert Rodriguez skreiv om «Wonderful Christmastime»: «Elsk han eller hat han, få songar av McCartney har skapt så sterke reaksjonar.»[7]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewhine, «Paul McCartney/Wings Back to the Egg (Bonus spor)", Allmusic (retrieved 30. desember 2012).
  2. Chip Madinger & Mark Easter, Eight Arms to Hold You: The Solo Beatles Compendium, 44.1 Productions (Chesterfield, MO, 2000; ISBN 0-615-11724-4), s. 251.
  3. Chip Madinger & Mark Easter, Eight Arms to Hold You: The Solo Beatles Compendium, 44.1 Productions (Chesterfield, MO, 2000; ISBN 0-615-11724-4), s. 254.
  4. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 13. oktober 2011. 
  5. 5,0 5,1 Whitburn, Joel (2004). Christmas in the Charts (1920-2004). Wisconsin: Record Research Inc. s. 48. ISBN 0-89820-161-6. 
  6. Craig Outhier, september 2015/music/paul-mccartney-s-worst-songs/ «Paul McCartney's Worst Songs", Phoenix New Times, 25. mars 2010 (retrieved 30. desember 2012).
  7. 7,0 7,1 Robert Rodriguez, Fab Four FAQ 2.0: The Beatles' Solo Years, 1970-1980, Backbeat Books (Milwaukee, WI, 2010; ISBN 978-1-4165-9093-4), s. 191.
  8. Alan Clayson, Paul McCartney, Sanctuary (London, 2003; ISBN 1-86074-486-9), pp 192–93.
  9. Jurek, Thom. «Review of The Ultimate Gift». Allmusic. Henta 9. desember 2009. 
  10. «Holiday Havoc: THE VENTURE BROS.». Quick Stop Entertainment. Henta 23. desember 2008. 
  11. «Paul McCartney, Straight No Chaser Tackle 'Wonderful Christmas Time'». Rolling Stone. 16. oktober 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]