Worthing

Koordinatar: 50°48′52.96″N 0°22′16.99″W / 50.8147111°N 0.3713861°W / 50.8147111; -0.3713861
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Worthing
Borough of Worthing

Marine Parade og stranda
Marine Parade og stranda
Marine Parade og stranda
Byvåpenet til Worthing
Byvåpenet til Worthing
Byvåpenet til Worthing
Kallenamn
«Sunny Worthing»
Motto
«Ex terra copiam e mari salutem»
(Mykje frå landet og helse frå sjøen)
Plassering
Worthing is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap West Sussex
Distrikt Worthing
Grunnlagd I antikken
Borgarmeister Ann Barlow
Geografi
Flatevidd
 - By

32,48 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik
 - Byområde

103 200
  3 177,3 /km²
183 000
Koordinatar 50°48′52.96″N 0°22′16.99″W / 50.8147111°N 0.3713861°W / 50.8147111; -0.3713861
Høgd over havet 7 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer BN11, BN12, BN13, BN14, BN99
Telefon-retningsnummer 01903
Nettstad: www.worthing.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Worthing

Worthing er den største byen i West Sussex i England, og blir administrert som eit eige distrikt. Han ligg mellom kysten og South Downs.

Byen vert rekna som ein populært stad for pensjonistar som ynskjer eit gunstig klima, og det har ofte vorte nemnt om han at han har det tredje travlaste krematoriet i Europa. Men han har òg sidan 1960-åra vore eit sentrum for undergrunnskultur, med særleg Worthing Workshop som samla musikarar, skodespelarar og lyrikarar som Brian James, Leo Sayer, Billy Idol, Martin Quittenton og andre. Den litterære historia til byen har særleg to høgdepunkt: Percy Bysshe Shelley sine to første verk vart utgjeve der i 1810 og 1811, og Oscar Wilde skreiv The Importance of Being Earnest der i 1884, og brukte namnet til byen som etternamn på ein av figurane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore busett sidan steinalderen, og ser ut til å ha vore ein av dei viktigaste stadene for flintutvinning. Det er òg funne ei rekkje spor etter aktivitet i bronsealderen og jernalderen, og dessutan romerske myntar, fliser og keramikk.

Første gongen byen blir nemnt i ei skriftleg kjelde er i 1086, då han ifølgje Domesday Book hadde eit folketal på berre 22. Angelsaksarane slo seg ned i Goring by Sea i nærleiken, medan Wortinge, som han heitte på 1100- og 1200-talet, stort sett var busett av bønder og makrellfiskarar.

Mot slutten av 1700-talet byrja byen å trekkje til seg vitjande, som ynskte å nyte det milde klimaet og den rolege sjøen. Den edvardianske hangen til sjøluft som ein kur for alle helseproblem førte til stor vekst. I 1803 hadde folkesetnaden auka til omkring 2500, og landsbyen fekk bystatus. I 1890 fekk han kongeleg charter som valkrets (borough), og han heldt statusen som eige distrikt etter omorganiseringa av lokalstyret i 1974.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]