Yago Lamela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yago Lamela

(Yago Lamela) José María Aznar recibe a deportistas del equipo español de atletismo. Pool Moncloa. 1 de septiembre de 1999 (cropped).jpeg

Statsborgarskap Spania
Fødd 24. juli 1977
Avilés
Død

8. mai 2014 (36 år)
Avilés

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Santiago Lamela Tobío (24. juli 19778. mai 2014), kjend som Yago Lamela, var ein spansk lengdehoppar, fødd og død i Avilés. Han vann VM-sølv 1999, EM-bronse 2002 og VM-bronse 2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lamela hoppa seg inn i verdseliten i 1999. I hall-verdsmeisterskapen i Maebashi gav han den kubanske verdseinaren Iván Pedroso hard kamp om sigeren. I tevlinga forbetra Lamela forbetra den spanske innandørsrekorden til 8,42 m, før han i sitt siste forsøk sette europarekord med 8,56 meter. Pedroso svarte med 8,62 m i det aller siste hoppet og tok sin fjerde internasjonale tittel i rad. Den 24. juni i Torino sette Lamela spansk rekord med 8,56 meter. Under verdsmeisterskapen i Sevilla i august tok Lamela leiinga. Pedroso trådde til med 8,56 meter og vart verdsmeister for tredje gong i rad. Lamela hoppa 8,40 m i det fjerde forsøket og kneip sølvmedaljen.

Etter eit par heller svake år kom Lamela i 2002 tilbake med 8,17 meter i den europeiske hallmeisterskapen i Wien, og vart nummer to bakom landsmannen Raúl Fernández. Under Friidretts-EM 2002 i München fekk Lamela bronsen med eit hopp på 7,99 m, slått av Oleksij Lukasjevytsj frå Ukraina og Siniša Ergotić frå Kroatia. I Hall-VM 2003 vart Lamela andremann med 8,28 m, ein centimeter bakom Dwight Phillips frå USA. Under verdsmeisterskapen i Paris sigra Phillips framom James Beckford frå Jamaica, Lamela kom på bronseplass med eit bestehopp på 8,22 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]