You Never Give Me Your Money

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
You Never Give Me Your Money
Song av The Beatles
frå albumet Abbey Road
Utgjeve 26. september 1969
Innspelt 6. mai 1969
Olympic Sound Studios, Barnes, London
1, 15, 30, 31. juli, 5. august 1969
Abbey Road Studios studio 2 og 3 i London
Sjanger Rock
Lengd 4:02
Selskap Apple Records
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«You Never Give Me Your Money» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Songen er hovudsakleg skriven av Paul McCartney og tilskriven som vanleg til Lennon/McCartney.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Temaet i songen er eit spegelbilete av problema som The Beatles hadde hamna i på grunn av dårleg økonomisk styring. Teksten reflekterer eit forhold som har brote saman. «Ho» har vokse opp rik, er bortskjemt, medan «han» vil berge ho, gje ho eit svar på problema hennar, men kan ikkje:

Out of college money spent
See no future pay no rent.
All the money’s gone, nowhere to go.
Any Jobber got the sack,
Monday morning turning back.
Yellow lorry slow, nowhere to go.

Songen startar med to vers sunge av McCartney i bortimot klassisk stil. Så kjem ein mykje raskare seksjon der McCartney bytter til ein meir nasal vokalstil og der han nyttar ei baritonstemme som gjev fyldig luft til den noko komiske teksten i songen. Songen svinn hen med ein vokal som minnar om ein barnesong. Det vart nytta gitarar gjennom leslieforsterkarar på songen, slik at det høyrest ut som orgeltonar, noko Beatles gjorde ein del den siste perioden.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Ian MacDonald:[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. MacDonald 1997, s. 308.