Abbey Road

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Abbey Road av The Beatles)
Hopp til navigering Hopp til søk
Abbey Road
Studioalbum av The Beatles
Utgjeve 26. september 1969
Innspelt 22. februar – 20. august 1969 i EMI, Olympic og Trident Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 47:23
Selskap Apple
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
Yellow Submarine
(1969)
Abbey Road Let It Be
(1970)
Singlar frå Abbey Road
  1. «Something» / «Come Together»
    Utgjeve: 6. oktober 1969
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
The A.V. ClubA[2]
Consequence of SoundA+[3]
The Daily Telegraph5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
Down Beat4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[6]
MusicHound5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[7]
Paste100/100[8]
Pitchfork Media10/10[9]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[10]

Abbey Road er det ellevte offisielle albumet av The Beatles. Innspelinga av Abbey Road starta i april 1969 og songane vart dei siste bandet spelte inn i lag, sjølv om Let it Be vart det siste albumet før bandet løyste seg opp i 1970. Abbey Road kom ut 26. september 1969. Det var produsert og instrumentert av George Martin for Apple Records. Geoff Emerick av lydteknikar, Alan Parsons assisterande lydteknikar og Tony Banks var bandoperatør.[11] Albumet vert rekna som det best samansette albumet til The Beatles, sjølv om bandet nesten ikkje fungerte som eit band.[12][13] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 14. plass på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[14]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Etter den nesten katastrofale innspelinga til det planlagde albumet Get Back (seinare kalla Let It Be), foreslo Paul McCartney for George Martin at gruppa skulle prøve å lage nok eit album «slikt dei brukte å gjere det»[15] utan konfliktane som starta under innspelinga av The White Album. Martin sa seg einig, men sette som vilkår at albumet måtte lagast på denne måten. Bandet har seinare sagt at dei var klar over at dette mest truleg kom til å verte det siste dei gjorde i lag, og ville «gå ut med flagget til topps».

Med Let It Be-albumet delvis ferdig, starta innspelinga av Abbey Road i april 1969, etter at singelen «Ballad of John and Yoko»/«Old Brown Shoe» var ferdig. Det meste av albumet vart spelt inn mellom 2. juli og 1. august 1969. Etter at albumet vart ferdig og gjeve ut, vart Get Back/Let It Be-prosjektet miksa på nytt. Det vart spelt inn noko nytt til albumet, men det meste av Let It Be vart gjort før Abbey Road. I september 1969, kort tid før albumet kom ut, starta John Lennon bandet Plastic Ono Band, det første verkelege teiknet på at The Beatles var i ferd med gå frå kvarandre.

Dei to albumsidene har ganske forskjellige karakter. Side ein er ei samling av enkelte spor, medan side to består av ei lang rekkje komposisjonar, mange av dei relativt korte og dei glir over i kvarandre. Hovudårsaka til dette stykket var å få nytta seg av dei mange uferdige, korte songane til Lennon og McCartney, som bandet hadde liggande.

Suksess[endre | endre wikiteksten]

Abbey Road vart eit av dei mest suksessrike albuma til Beatles nokon gong. I Storbritannia gjekk albumet direkte inn på førsteplassen, der det låg i heile 11 veker. Det vart så skubba ned til andreplassen av Rolling Stones og albumet deira Let It Bleed, som debuterte på førsteplassen, før Abbey Road veka etter, som var veka før jul, igjen gjekk til topps, der det vart liggande i seks veker til, totalt 17 veker på førsteplassen. Totalt låg det 92 veker på Topp 75 i Storbritannia, ein del av desse vekene i 1987 då albumet kom på CD første gong. I heimlandet var Abbey Road det bestseljande albumet i 1969 og det fjerde bestseljande gjennom heile 60-åra, samt det åttande bestseljande i heile 70-åra.

I USA klarte albumet ein liknande prestasjon. Tredje veka på lista gjekk det til topps, der det vart liggande i 11 veker. Totalt låg Abbey Road 129 veker på Billboard 200. I USA var albumet det fjerde mest selde i 1970-åra.

I Noreg vart albumet ein formidabel sukess og låg heile 21 veker samanhengande på førsteplassen.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Abbey Road var det einaste Beatles-albumet som hovudsakleg vart spelt inn på ein åttesporsopptakar, i staden for ein firesporsopptakar som dei førre Beatles-albuma. Dette kan særleg merkast i at trommene er betre miksa. EMI hadde ikkje godkjend bruken av åttesporsopptakaren sin enno, og det er årsaka til at albumet er spelt inn i tre forskjellige studio (Trident, Olympic og Abbey Road), noko som Beatles ikkje gjorde til vanleg. Moog synthesizer er eit dominerande instrument på albumet, som i mellomspelet på «Because», samt «Maxwell’s Silver Hammer» og «Here Comes the Sun». Harrison hadde teke albumet med seg tilbake frå Los Angeles der han først vart introdusert for instrumentet.

Ein av lydteknikarane på albumet var den då ukjende Alan Parsons. Han skulle seinare verte lydteknikar på Pink Floyd-meisterverket, The Dark Side of the Moon og produsere mange album på eiga hand med The Alan Parsons Project.

Omslaget[endre | endre wikiteksten]

Gangfeltet der biletet til det kjende omslaget vart teke

Omslaget vart gjort av Apple Records kreative direktør Kosh. Det kjende biletet på albumet vart teken av fotograf Iain Macmillan. Macmillan fekk berre ti minuttar rundt 11:30 på føremiddagen til å ta biletet. Biletet har sidan vorte eit av dei mest kjende og etterlikna albumomslaga i platehistoria. Mannen som står i bakgrunnen er Paul Cole (1911–2008)[16]) ein amerikansk turist som ikkje var klar over at han vart fotografert før han såg albumet fleire månader seinare.[17][18] Gangfeltet er i dag ein populær attraksjon for mange Beatles-tilhengjarar.[19]

Folkevogna[endre | endre wikiteksten]

Folkevogna som står parkert ved gangfeltet høyrte til ein som budde i ei leilegheit nær studioet. Etter at albumet kom ut vart nummerskiltet fleire gonger stolen frå bilen. I 1986 vart bilen seld på ein auksjon for $23 000 og er i dag på utstilling i Volkswagen-museumet i Wolfsburg i Tyskland.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart Abbey Road kalla det 12. største albumet gjennom tidene i ei «Music of the Millennium»-undersøking gjort av HMV, Channel 4, The Guardian og Classic FM; han fekk same plass i 1998 på ei tilsvarande liste av lesarane til musikkmagasinet Q. I 2000 hamna albumet på 17. plass på lista over dei 100 beste britiske albuma i Q.[20] I 2001 plasserte VH1 albumet på 8. plass på lista over dei største albuma gjennom tidene,[21] og i 2003 vart det kalla det 14. beste albumet gjennom tidene av Rolling Stone.[14] I 2006 var albumet eitt av dei 100 beste albuma nokon gong i Time Magazine.[22]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon–McCartney, utanom der andre nemnde. 

Side ein
# TittelSolovokal Lengd
1. «Come Together»  Lennon 4:19
2. «Something» (George Harrison)Harrison 3:02
3. «Maxwell's Silver Hammer»  McCartney 3:27
4. «Oh! Darling»  McCartney 3:27
5. «Octopus's Garden» (Richard Starkey)Starr 2:51
6. «I Want You (She's So Heavy)»  Lennon 7:47
Side to
# TittelSolovokal Lengd
1. «Here Comes the Sun» (George Harrison)Harrison 3:05
2. «Because»  Lennon, McCartney og Harrison 2:45
3. «You Never Give Me Your Money»  McCartney 4:02
4. «Sun King»  Lennon, with McCartney and Harrison 2:26
5. «Mean Mr. Mustard»  Lennon 1:06
6. «Polythene Pam»  Lennon 1:13
7. «She Came In Through the Bathroom Window»  McCartney 1:58
8. «Golden Slumbers»  McCartney 1:31
9. «Carry That Weight»  McCartney with Lennon, Harrison, and Starr 1:36
10. «The End»  McCartney 2:05
11. «Her Majesty»  McCartney 0:23

Merknad

  • «Her Majesty» finst som eit løynd spor. Mellom «The End» og «Her Majesty» er det 14 sekund med stille. På seinare utgåver av albumet står songen oppført som ein del av sporlista.
  • På somme kassettutgåver hadde «Come Together» og «Here Comes the Sun» byta plass.[23]
  • Spor 9 til 16 er stundom omtalt som ein song (potpurri) kalla «The Abbey Road Medley».
  • Spor 14 til 16 vert stundom omtalt som ein song kalla «The Golden Slumbers Medley».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Mark Lewisohn,[24] Ian MacDonald[25] og Barry Miles.[26]

The Beatles

  • John Lennon – solo-, harmoni- og korvokal; rytme- og sologitar, akustisk gitar; akustisk og elektrisk piano, Hammondorgel og Moog synthesizer; kvit støy-generator og lydeffektar; perkusjon
  • Paul McCartney – solo-, harmoni- og korvokal; bass, rytme- og sologitar, akustisk gitar; akustisk og elektrisk piano, Hammondorgel og Moog synthesizer; lydeffektar; vindspel, klapping og perkusjon
  • George Harrison – harmoni- og korvokal; solo- og rytmegitar, akustisk gitar; bass på «Maxwell's Silver Hammer» og «Golden Slumbers/Carry That Weight»; Hammondorgel, harmonium og Moog synthesizer; klapping og perkusjon; solovokal (på «Something» og «Here Comes the Sun»)
  • Ringo Starr – trommer og perkusjon; ambolt på «Maxwell's Silver Hammer»;[27] korvokal; solovokal (på «Octopus's Garden»)

Andre musikarar

Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve
Liste Plassering
Australian Kent Music Report Chart[28] 1
Kanadiske RPM-lista[29] 1
Den nederlandske albumlista[30] 1
Japanske Oricon-lista[31] 3
Norske VG-lista[32] 1
Den svenske albumlista[33] 1
Den spanske albumlista[34] 1
UK Albums Chart[35] 1
US Billboard Top LPs[36] 1
Vesttyske Media Control-lista[37] 1
1987-utgåva
Liste Plassering
Den japanske albumlista[31] 6
UK Albums Chart[38] 30

2009 reissue
Liste Plassering
Den australske albumlista[39] 12
Den austerrikske albumlista[40] 36
Den belgiske albumlista (Flandern)[41] 20
Den belgiske albumlista (Vallonia)[42] 28
Den danske albumlista[43] 18
Den finske albumlista[44] 12
Den tyske albumlista[45] 41
Den italienske albumlista[46] 7
Den japanske albumlista[47] 12
Den mexicanske albumlista[48] 8
Den portugisiske albumlista[49] 4
Den spanske albumlista[50] 13
Den svenske albumlista[51] 6
Den sveitsiske albumlista[52] 28
Den newzealandske albumlista[53] 8
UK Albums Chart[35] 6
US Billboard Comprehensive Albums[54] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Den australske albumlista[28] 3
UK Albums Chart[55] 1
Liste (1970) Plassering
Den australske albumlista[28] 7
UK Albums Chart[56] 7
US Billboard Pop Albums[57] 4
Liste (2009) Plassering
Den italienske albumlista[58] 147

Tiårsliste[endre | endre wikiteksten]

Liste (1960-åra) Plassering
UK Albums Chart[55] 4
Liste (1970-åra) Plassering
Den japanske albumlista[31] 22

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[59] Diamant 500 000x
Australia (ARIA)[60] 3× Platina 210 000^
Canada (Music Canada)[61] Diamant 1 000 000^
Frankrike (SNEP)[62] 2x gull 729,800[63]
Tyskland (BVMI)[64] Platina 500 000^
Italia (FIMI)[65] Gull 50 000*
Japan 655,000[31]
New Zealand (RMNZ)[66] 5× Platina 75 000^
Storbritannia (BPI)[67] 2× Platina 600 000^
USA (RIAA)[68] 12× Platina 12 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal etter 1994.[69]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. «Abbey Road – The Beatles». AllMusic. Rovi Corporation. Arkivert frå originalen den 21. august 2011. Henta 17. mars 2018. 
  2. Klosterman, Chuck (8. september 2009), «Chuck Klosterman Repeats The Beatles», The A.V. Club (Chicago), Arkivert frå den opphavlege versjonen den 17. mars 2018, https://www.webcitation.org/6GuiHAk0V?url=http://www.avclub.com/articles/chuck-klosterman-repeats-the-beatles,32560/, henta 17. mars 2018 
  3. Album Review: The Beatles – Abbey Road [Remastered] « Consequence of Sound Mal:Webarchive
  4. McCormick, Neil (8. september 2009), The Beatles – Abbey Road, review, London, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 6. november 2012, https://web.archive.org/web/20121106122053/http://www.telegraph.co.uk/culture/music/the-beatles/6138860/The-Beatles-Abbey-Road-review.html 
  5. «Review: Abbey Road». Down Beat (Chicago). 22. januar 1970. Arkivert frå originalen den 23. desember 2012. Henta 17. mars 2018. 
  6. Larkin 2006, s. 489.
  7. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 87–88. ISBN 1-57859-061-2. 
  8. Kemp, Mark (8. september 2009). «The Beatles: The Long and Winding Repertoire». Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 17. mars 2018. 
  9. Richardson, Mark (10. september 2009). «The Beatles: Abbey Road». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 2. mai 2014. Henta 17. mars 2018. 
  10. The Beatles | album Guide | Rolling Stone Music Mal:Webarchive
  11. Abbey Road - Beatles
  12. Richie Unterberger. «Abbey Road». Allmusic. Henta 10. februar 2009. 
  13. Richie Unterberger. «The Beatles > Biography». Allmusic. Henta 10. februar 2009. 
  14. 14,0 14,1 «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 10. februar 2008. 
  15. «Abbey Road». Smackbomb.com. Henta 10. februar 2009. 
  16. TCPalm: Paul Cole, man on Beatles' 'Abbey Road' cover, dies
  17. The Abbey Road Album Cover
  18. Life on the cover of Abbey Road: ABC Adelaide
  19. webkamera
  20. «The 100 Greatest British Albums Ever». Q. Henta 10. februar 2009. 
  21. «2001 VH1 Cable Music Channel All Time Album Top 100». VH1. Henta 10. februar 2009. 
  22. «The All-Time 100 Albums». Time. Henta 10. februar 2009. 
  23. Abbey Road. EMI. TC-PCS 7088. Arkivert frå originalen (cassette) 13. november 2013. 
  24. Lewisohn 1988.
  25. MacDonald 1997, s. 300–321.
  26. Miles 1997.
  27. Lewisohn 1988, s. 179.
  28. 28,0 28,1 28,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 978-0-646-11917-5. 
  29. «RPM – Library and Archives Canada». RPM. Arkivert frå originalen 13. mai 2014. Henta 17. mars 2018. 
  30. «dutchcharts.nl The Beatles – Abbey Road». Hung Medien, dutchcharts.nl (på Dutch). MegaCharts. Arkivert frå originalen (ASP) 24. desember 2013. Henta 17. mars 2018. 
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 978-4-87131-077-2. 
  32. «norwegiancharts.com The Beatles – Abbey Road». Arkivert frå originalen (ASP) 21. april 2014. Henta 17. mars 2018. 
  33. «Swedish Charts 1969–1972» (PDF) (på svensk). Hitsallertijden. Arkivert frå originalen (PDF) 14. oktober 2012. Henta 17. mars 2018. 
  34. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 978-84-8048-639-2. 
  35. 35,0 35,1 «The Beatles – Full official Chart History». Official Charts. Henta 13. mai 2016. 
  36. «The Beatles – Chart history». Billboard. Henta 13. mai 2016. 
  37. «Album Search: The Beatles – Abbey Road» (på German). Media Control. Arkivert frå originalen (ASP) 7. juli 2014. Henta 17. mars 2018. 
  38. «Chart Stats – The Beatles – Abbey Road (1987 version)». UK Albums Chart. Arkivert frå originalen 25. august 2011. Henta 17. mars 2018. 
  39. «australian-charts.com The Beatles – Abbey Road». Australian Recording Industry Association. Arkivert frå originalen (ASP) 14. desember 2013. Henta 17. mars 2018. 
  40. «austriancharts.at The Beatles – Abbey Road». Hung Medien (på tysk). Arkivert frå originalen (ASP) 21. april 2014. Henta 17. mars 2018. 
  41. «ultratop.be The Beatles – Abbey Road». Hung Medien (på Dutch). Ultratop. Arkivert frå originalen (ASP) 25. oktober 2013. Henta 17. mars 2018. 
  42. «ultratop.be The Beatles – Abbey Road». Hung Medien (på Dutch). Ultratop. Arkivert frå originalen (ASP) 13. november 2012. Henta 17. mars 2018. 
  43. «danishcharts.com The Beatles – Abbey Road». danishcharts.com. Arkivert frå originalen (ASP) 21. april 2014. Henta 17. mars 2018. 
  44. «finnishcharts.com The Beatles – Abbey Road». Hung Medien. Arkivert frå originalen (ASP) 25. desember 2013. Henta 17. mars 2018. 
  45. «musicline.de chartverfolgung». hitparade.ch. Arkivert frå originalen 21. mars 2014. Henta 17. mars 2018. 
  46. «italiancharts.com The Beatles – Abbey Road». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 5. mars 2014. Henta 17. mars 2018. 
  47. «All of the Beatles' «Remastered» Albums Enter the Top 100: Grossing 2,310 Million Yen in One Week». oricon.co.jp (på Japanese). Oricon Style. Arkivert frå originalen den 9. mars 2013. Henta 14. oktober 2012. 
  48. «mexicancharts.com The Beatles – Abbey Road». mexicancharts.com. Henta 17. mars 2018. 
  49. «portuguesecharts.com The Beatles – Abbey Road». Hung Medien. Arkivert frå originalen (ASP) 4. mars 2014. Henta 17. mars 2018. 
  50. «The Beatles – Abbey Road». spanishcharts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen (ASP) 21. april 2014. Henta 17. mars 2018. 
  51. «swedishcharts.com The Beatles – Abbey Road» (på svensk). Arkivert frå originalen (ASP) 25. desember 2013. Henta 17. mars 2018. 
  52. «The Beatles – Abbey Road – hitparade.ch». Hung Medien (på tysk). Swiss Music Charts. Arkivert frå originalen (ASP) 15. juni 2007. Henta 17. mars 2018. 
  53. «charts.org.nz The Beatles – Abbey Road». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 21. april 2014. Henta 17. mars 2018. 
  54. Caulfield, Keith. «Beatles and Jay-Z Dominate Charts». Billboard.biz. Arkivert frå originalen 17. april 2012. Henta 17. mars 2018. 
  55. 55,0 55,1 «The Official UK Charts Company : ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen 17. desember 2007. Henta 17. desember 2007. 
  56. «1970s Albums Chart Archive». everyhit.com. The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 6. oktober 2009. Henta 17. mars 2018. 
  57. «Billboard.BIZ – TOP POP ALBUMS OF 1970». Arkivert frå originalen 8. oktober 2012. Henta 17. mars 2018. 
  58. «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 2009» (på Italian). hitparadeitalia.it. Arkivert frå originalen 1. september 2013. Henta 17. mars 2018. 
  59. «Premio Diamante: Los premiados» (på Spanish). CAPIF. Arkivert frå originalen 18. mars 2005. Henta 16. september 2012. 
  60. «ARIA Charts – Accreditations – 2009 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 17. mars 2018. 
  61. «Canadian album salstrofé – The Beatles – Abbey Road». Music Canada. Henta 17. mars 2018. 
  62. «French album salstrofé – The Beatles – Abbey Road» (på fransk). InfoDisc.  Select THE BEATLES and click OK
  63. «Les Meilleures Ventes de CD / Albums «Tout Temps»» (på French). Infodisc.fr. Henta 19. februar 2017. 
  64. «Gold-/Platin-Datenbank (The Beatles; 'Abbey Road')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 17. mars 2018. 
  65. «Italian album salstrofé – The Beatles – Abbey Road» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 5. oktober 2014.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter The Beatles in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  66. «New Zealand album salstrofé – The Beatles – Abbey Road». Recording Industry Association of New Zealand. 
  67. «British album salstrofé – The Beatles – Abbey Road». British Phonographic Industry. Henta 15. september 2013.  Enter Abbey Road in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  68. «American album salstrofé – The Beatles – Abbey Road». Recording Industry Association of America. Henta 17. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  69. Beatles albums finally go platinum, BBC News, 2. september 2013, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 12. februar 2014, https://www.webcitation.org/6NLHBkuKR?url=http://www.bbc.co.uk/news/entertainment-arts-23927271, henta 17. mars 2018