Jerash guvernement
Jerash guvernement | |||
محافظة جرش | |||
region | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Byar | Sakib | ||
Koordinatar | |||
Hovudstad | Jerash | ||
Areal | 410 km² | ||
Folketal | 191 700 (2012) | ||
Folketettleik | 468 / km² | ||
Tidssone | GMT +2 | ||
Retningsnummer | +(962)2 | ||
Urban | 62.6% | ||
Rural | 37.4% | ||
![]() Jerash guvernement | |||
Wikimedia Commons: Jerash | |||
Jerash (arabisk جرش) er eit guvernementet i Jordan. Det ligg nord for Amman, hovudstaden i Jordan. Administrasjonssenter i guvernementet og den største byen er Jerash.
Jerash guvernement har det minste arealet av dei 12 guvernementa i Jordan, men den nest hgøaste folketettleiken etter Irbid guvernement. Jerash guvernement er det sjuande største etter folketal.[1]
Geografi[endre | endre wikiteksten]



Jerash er eit kupert område med frodig jord, og grensar til Irbid guvernement i nord, Ajlun guvernement i vest, Mafraq guvernement og Zarqa guvernement i aust, og Balqa guvernement i sør. Årsmiddelnedbøren i Jerash guvernement er kring 400–500 mm som er det høgaset i landet.[2] Høgda varierer frå 300 til 1300 meter over havet med fleire elvar, mellom anna Zarqaelva.
Historie[endre | endre wikiteksten]
I det første hundreåret av den kristne tida fekk byen Jerash (då kalla Gerasa) ein rask vekst under romersk styre og Pax Romana. Han vart ein del av Dekapolis og voks i konkurranse med den eldre byen Petra som handelsby. Innbyggjarane vann ut malm i Ajlunfjella i nærleiken. Frå midten av det første hundreåret, førte velstanden med seg fleire monument, som framleis står i dag. På 100-talet førte dei romerske krigane i Asia til ytterlegare fordelar. Det vart bygd gode vegar til Pella, Filadelfia (i dag Amman), Dion og til provinshovudstaden Bos(t)ra. Keisar Hadrian vitja byen vinteren 129-130. Etter kvart som den politiske situasjonen endra seg, vart byen mindre viktig.
Demografi[endre | endre wikiteksten]
Det estimerte folketalet til Jerash guvernement i 2010 var kring 183 400. Den jordansle folketeljinga i 2004 indikerer at folketalet i Jerash guvernement var 153 602.
Flyktningleirar[endre | endre wikiteksten]
Det ligg to palestinske flyktningleirar i Jerash guvernement, Souf- og Jerash-leiren.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Jerash Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ DoS Jordan, arkivert frå originalen 12. oktober 2017, henta 4. oktober 2015
- ↑ Alrai Newspaper