Hopp til innhald

Zoltán Magyar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zoltán Magyar


StatsborgarskapUngarn
Fødd13. desember 1953 (72 år)
Budapest
Idrettturn
Tok del i Sommar-OL 1972, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – men's pommel horse
Utmerkingar æresborgerskap, International Gymnastics Hall of Fame

Zoltán Magyar (fødd 13. desember 1953) er ein ungarsk tidlegare turnar frå Budapest. Frå 1973 til 1980 var han verdas beste turnar i bøylehest. I åtteårs-perioden vann han denne øvinga i kvar einaste store meistermøte.

Magyar slo gjennom i året 1973 og vart i Grenoble europameister i bøylehest. I Turn-VM 1974 i Varna slo han i same øvinga den sterke russaren Nikolaj Andrianov med 0,20 poeng. Ved EM i 1975 i Bern forsvarte Magyar sin tittel frå 1973. Med fjerdeplass i Bern presterte han sitt livs beste mangekamp. Under Sommar-OL 1976 i Montreal kom han på femteplass i hopp. Nok ein gong var han uslåeleg i bøylehest, med 19,70 poeng oppnådde han den høgste skåra i nokon av apparat-finalane. I Vilnius i 1977 vann han for tredje gong bøylehest i europameisterskap. Ved Turn-VM 1978 vart han tildelt heile 19,800 poeng i bøylehest og slo andre andremann med 0,375 poeng, hans aller største sigersmargin. Eitt år seinare, ved Turn-VM 1979 i Fort Worth, forsvarte Magyar meistertittelen med sine 19,825 poeng. Under dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980 vann han bronse med det ungarske mannskapet i lagekamp. På bøylehesten oppnådde Magyar enno ein gong den høgste poengsummen av alle med sine 19,925 poeng.