Hopp til innhald

Bambaiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Språkdøme: «Nehi boss, apun ko kuch nehi manta.» ('Nei, min gode mann, eg vil ikkje ha noko.')

Bambaiya eller bombayhindi er det ein kallar språket som blir brukt til dagleg mellom ulike innbyggjarar i Bombay (Mumbai). Det er ei forenkla utgåve av hindi, med mange lånte ord og uttrykk frå andre språk, og kan gjerne kallast eit pidginspråk. Det har svært forenkla ordforråd, grammatikk og fonologi samanlikna med standard hindi.

Marknad i Mumbai, ein stad der språket kan brukast.
Språkdøme: «Chal phoot» ('Gå vekk'), eit typisk bambaiya-uttrykk.

Bambaiya er ikkje eit morsmål, men eit andrespråk for nær alle som bruker det. Desse kan ha heimespråk så ulike som marathi, gujarati, portugisisk, engelsk og tamil, og bombayspråket er dermed eit hjelpemiddel til at talarar frå ulike språkfamiliar kan forstå kvarandre.

Ein bruker bombayhindi særleg i samband med handel, som på marknaden, og tenester, som når ein overordna snakkar med ein kroppsarbeidar. Ungdom bruker det òg mykje seg imellom, og samstundes som det blir sett på som noko ukultivert og grovt, har bambaiya òg fått eit skjær av opprør over seg. I Bollywood er det vanleg at to stereotype figurar bruker det: Skurkar frå mafiaen, og unge, opprørske heltar.

Historisk utvikling

[endre | endre wikiteksten]

Den enorme byen Bombay er blitt til ganske nyleg, då portugisarane og seinare engelskmennene trong ein hamneby for dei indiske koloniane sine. Byen ligg på vestkysten av India, i eit område der det bur maratharar og gujaratarar. Han ligg altså ikkje i det hinditalande beltet av India, men bambaiya er likevel basert på hindi.

Språket som gav opphav til bombayhindi er ein annan type forenkla hindi, såkalla marknadshindustani, som blei brukt ved handel vest og nord i India. Det blei brukt til det same i Bombay, men fann òg ein vidare bruk etter kvart som fleire folkegrupper møttest og skulle leva nær kvarandre.

Noko liknande har skjedd i andre store byar med mykje immigrasjon, som til dømes Nairobi i Kenya. I denne byen er likevel byspråket, swahili, som først var eit andrespråk for dei fleste, blitt til eit førstespråk for mange. Dette er fordi folk frå ulike språkgrupper har gifta seg og fått barn saman. I India var det lenge utenkeleg å gifta seg med nokon frå ei anna språkgruppe (sjå det indiske kastesystemet), og det er framleis uvanleg. Derfor held folk fast på språket til forfedrane sine, medan bombayhindi fortsett med å vera eit utespråk, slik det har vore sidan byrjinga. Dette betyr òg at det vil fortsetta å vera eit pidginspråk.

Medan indarar flest er stolte av morsmålet sitt, er det få som er stolte av bombayhindi, sjølv om nokre lovprisar det som eit humoristisk og uttrykksfullt språk. Det finst situasjonar der bruk av språket er rekna som heilt uakseptabel, som i undervising, forretningsmøte og i nyheitssendingar. I andre samanhengar er det naturleg å bruka bambaiya. Dette gjeld som tidlegare nemna mellom overordna og underordna, herskap og tenarar, vennar frå ulike språkgrupper, og i marknaden. Lettare underhaldning som såpeopera, musikk- og ringinn-program bruker òg gjerne bambaiya. Ein slik situasjon blir gjerne kalla for diglossia.

Språkskildring

[endre | endre wikiteksten]

Ordforråd

[endre | endre wikiteksten]
På bambaiya På hindi På anna språk
dalimba
(granateple)
anár dalimba
(marathi)
kalingar
(vassmelon)
dharbus kalingar
(gujarati)
pav
(brød)
roti paõ
(portugisisk)
world-famous
(velkjend)
pehcchana world-famous
(engelsk, verdskjend)
Ord med noko endra tyding
thambi
(visargutt)
thambi
(tamil, yngre bror)
mungi
(maur)
chinti mungi
(marathi, insekt)
vanda
(problem)
kathinai vanda
(gujarati, konflikt)

Hindi er kjelda til storparten av orda i bambaiya, men ein god del kjem frå marathi eller gujarati, og ein del frå engelsk, portugisisk og tamil. Nokre av orda har fått ei anna tyding på bombayhindi som slektar på den opphavlege tydinga i det andre språket. Bambaiya har òg mange uttrykk som er omsette direkte frå eit anna språk, slik at dei høyrest framande ut for talarar av vanleg hindi. I tillegg har mange uttrykk blitt forenkla ved at ein set saman enkeltord i staden for å bruka det «korrekte» hindiordet. Til dømes er «utlandet» bargaõ på bombayhindi, sett saman av bar (utanfor) og gaõ (landsby). På hindi er utlandet vidésh.

Med alle desse endringane kan bambaiya ofte vera uforståeleg for hinditalarar utanfrå. Den best kjende misforståinga er bambaiyauttrykket «samne giréga», som betyr «du vil sjå det framfor deg», men som bokstaveleg betyr «det vil bryta saman framfor deg» på standard hindi.

Vanleg hindi har mange lydar som kan vera vanskelege å uttala for dei som lærer språket i vaksen alder. I bombayhindi er mange av desse blitt borte. Dette gjeld mellom anna dei fleste aspirerte konsonantar og h-ar inni og i slutten av ord. Konsonantgrupper er blitt forenkla ved at ein sett inn vokalar mellom dei. Slik er hindiordet «farkh» (forskjell) blitt til «farak» på bombayhindi.

Grammatikk

[endre | endre wikiteksten]

Bambaiya har ein svært forenkla grammatikk samanlikna med standard hindi. I hindi har ein to ulike kjønn for substantiv som går igjen i adjektiv og suffiks, medan bambaiya ikkje har grammatiske kjønn i det heile tatt. Mange substantiv i hindi dannar fleirtal på ein uregelmessig måte. På bambaiya kan ein setta substantiv og pronomen som skildrar menneske i fleirtal ved å leggja til -log etter dei, medan andre substantiv sjeldan endrar seg om dei er i fleirtal.

  • Apte, Mahadev L., “Pidginization of a Lingua Franca”, International Journal of Dravidian Linguistics, vol. 3 (1974), nr. I, s. 21-41
  • McGregor, R.S., Outline of Hindi Grammar (Third Edition), Oxford University Press 1995