Fauvisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fauvisme er ein kunsthistorisk stilart, knytt til ei laus gruppe av kunstmålarar tidleg i det tjuande hundreåret. Kunstnarane understreka i arbeida sine dei måleriske kvalitetane og dei sterke fargane, framfor dei representative og realistiske verdiane som impresjonismen arva og vidareførte frå eldre stilretningar. Fauvismen oppstod som stil rundt 1900 og heldt fram også etter 1910, men rørsla varte einast nokre få år, 1904-08, og hadde tre utstillingar. Henri Matisse og André Derain var dei leiande i rørsla. Fauvisme kan sjåast som ein variant av ekspresjonismen.

Kunstnarar og stil[endre | endre wikiteksten]

Danseuse jaune ('Gul dansar') av Alexis Mérodack-Jeanneau, 1912
Stilleben av Alfred Maurer frå rundt 1908/1910

Attåt Matisse og Derain, tok kunstmålarar som Albert Marquet, Charles Camoin, Louis Valtat, Henri Evenepoel, Maurice Marinot, Jean Puy, Maurice de Vlaminck, Henri Manguin, Raoul Dufy, Othon Friesz, Georges Rouault, Kees van Dongen, Alice Bailly og Georges Braque opp fauvistiske metodar og tema.

Fauvistiske måleri var prega av tilsynelatande vilter penselbruk og grelle fargar, samstundes som gjenstandane hadde høg grad av forenkling og abstraksjon. Fauvisme kan klassifiserast som ei ekstrem utvikling av Vincent van Goghs postimpresjonisme smelta saman med den pointillismen Georges Seurat og andre postimpresjonistiske målarar, særleg Paul Signac, nytta. Andre sentrale påverknader kom frå Paul Cézanne og Paul Gauguin, som dekte felt i biletet med metta farger, særleg i måleri frå Tahiti.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Den symbolistiske målaren Gustave Moreau var læremeisteren til fauvistane. Han underviste Matisse, Marquet, Manguin, Rouault og Camoin på 1890-talet i Paris. Moreaus frisinna syn, originalitet og stadfesting av den ekspressive styrken i reine fargar inspirerte studentane hans.

Matisse møtte i 1896 den impresjonistiske kunstmålaren John Peter Russell på øya Belle-Île-en-Mer utanfor Bretagne. Kort tid etter la han vekk den jordfarga paletten sin, til fordel for lyse, impresjonistiske fargar. Året etter, 1897, vende han tilbake til Russell og gjekk i lære hos han. Maurice de Vlaminck støytte i 1901 for første gong på arbeid av Vincent van Gogh. Han begynte deretter å jobbe ved å klemme målinga direkte på lerretet.

Parallelt med at målarane oppdaga avantgarde-kunsten kom ei styrking av prerenessansen i fransk kunst. Det hende gjennom ei utstilling som vart vist i 1904, Fransk primitivisme. Ein anna estetisk fôring til arbeidet sitt var afrikanske skulpturar, som Vlaminck, Derain og Matisse var tidlege samlarar av.

Mange av dei sentrale trekka ved fauvismen kom tidlegast til syne i Matisses måleri Luxe, Calme et Volupté (Luksus, ro og nyting), som han måla sommaren 1904 i Saint Tropez, der han oppheldt seg saman med Paul Signac og Henri-Edmond Cross.

Salon d'Automne[endre | endre wikiteksten]

Kunstnargruppa heldt den første utstillinga si i 1905 Salon d'Automne. Gruppa fekk namnet sitt etter omtalen kritikaren Louis Vauxcelles gav i ei dagsavis. Han nytta overskrifta «Donatello mellom villdyra», og framheva kontrasten mellom fauvist-bileta og ein renessanseskulptur som delte rom med dei. Kommentaren om villdyra («les fauves») gjekk inn i daglegtalen. Bileta vart rakka ned på, og måleria vart omtala som «ein pott med måling som har blitt slengt i ansiktet på publikum». Dei fekk også noko positiv merksemd. Mellom anna vart måleriet som vart blinka ut for angrep, Matisses Kvinne med hatt, kjøpt av Leo og Gertrude Stein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fauvisme