Älvdalens kommun
Älvdalens kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Dalarnas län | ||
Landskap | Dalarna | ||
Del av | Dalarna, Q61607732, Q61606759 | ||
Centralort | Älvdalen | ||
Areal | 7 189,45 km² | ||
• land | 6 917,28 km² | ||
• vatn | 272,17 km² | ||
Folketal | 7 362 | ||
Folketettleik | 1 / km² | ||
Älvdalens kommun 61°14′00″N 14°02′00″E / 61.233333333333°N 14.033333333333°E | |||
Kart som viser Älvdalens kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Älvdalen Municipality | |||
Nettstad: www.alvdalen.se |
Älvdalens kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til to andre kommunar i Dalarnas län. Desse er Mora kommun i sør og aust og Malung-Sälens kommun i sørvest og vest. I tillegg grensar han til Härjedalens kommun i Jämtlands län i nord og kommunane Trysil og Engerdal i Noreg i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Älvdalen, som ligg 35 km nordvest for Mora.
Det er mange fjell over 1000 moh. nord i kommunen, og det høgaste, Storvätteshågna i Långfjället er på 1204 moh. Österdalälven renn gjennom kommunen frå nordvest til søraust. Landskapet i Älvdalens kommun har eit stort innslag av myrmark. Næringslivet er dominert av jord- og skogbruk, samt turisme, mellom anna til vintersportsstadene Idre og Grövelsjön.
Administrativ historikk
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste riksomfattande kommuneinndelingsreforma i 1952 påverka ikkje området. Ved den andre, i 1971, vart Älvdalen slått saman med Särna og Idre til ein ny kommune med namnet Älvdalens kommun.
Kommunevåpenet
[endre | endre wikiteksten]Blasonering: På sølvbakgrunn, eit raudt fjell med tre avrunda toppar med ein armbrøst på, og øvst ei blå bølgje med ein ljå på.[1]
Våpenet vart fastsett for «gamle» Älvdalens kommun i 1946. Også Särna og Idre hadde våpen ved samanslåinga i 1971, og det gjekk heilt til 1991 før det noverande våpenet til Älvdalen vart registrert i Patent- och registreringsverket.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Det er åtte tettstader i Älvdalens kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1. | Älvdalen | 1 812 |
2. | Idre | 769 |
3. | Särna | 768 |
4. | Rot | 684 |
5. | Västermyckeläng | 303 |
6. | Evertsberg | 285 |
7. | Åsen | 262 |
8. | Brunnsberg | 220 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Älvdalens kommun» på Wikipedia på svensk.
- «Älvdalen» på Store Norske Leksikon.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «I fält av silver ett rött treberg, belagt med ett armborst, och däröver en av en vågskura bildad blå ginstam, belagd med en lie av silver.».