Östergötland
Östergötland | |||
landskap | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Län | Östergötland | ||
Del av | Sverige | ||
Areal | 9 987 km² | ||
Folketal | 465 204 (31. desember 2020)[1] | ||
Östergötland 58°24′57″N 15°37′31″E / 58.415833333333°N 15.625277777778°E | |||
Wikimedia Commons: Östergötland |
Östergötland er eit landskap i Götaland i austre Sverige. Östergötland grensar til Småland i sør, Västergötland i vest gjennom Vättern, Närke og Södermanland i nord, og mot Austersjøen i aust. Det tradisjonelle landskapet motsvarar til største del Östergötlands län. I landskapet finst 50 000 kjende fornfunn. Gjennom Östergötland renn både Motala ström og Göta Kanal.
Totalt bur 465 204 menneske i Östergötland, noko som gjer landskapet til Sveriges sjette folkerikaste. Folketettleiken er 46,6 inb/km². Flatevidda til landskapet er 9 987 km², Sveriges fjortande største.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Östergötland var i mellomalderen ei av Sveriges tre sentralbygder, og eit sentrum for to kongeætter, den sverkerske ætta og folkungaætta, som kjempa om makta.
Östergötland var også plassen for slaget ved Stångebro, og det etterfølgjande Linköpings blodbad.
Større byar
[endre | endre wikiteksten]
|
Herad
[endre | endre wikiteksten]Dei siste restane av herada vart avskaffa i 1971.
|
|
Kjende östgötar
[endre | endre wikiteksten]- Olaus Magnus (1490–1557)
- Anders Ljungstedt (1759–1835)
- Baltzar von Platen (1766-1829)
- Jöns Jacob Berzelius (1779–1848)
- Moa Martinsson (1890–1964)
- Tage Danielsson (1928–1985)
- Pernilla Wiberg (1970– )
- Lars Winnerbäck (1975– )
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Folkmängd i landskapen den 31 december 2020». Statistiska centralbyrån.