«Tirpitz» (1939)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå «Tirpitz»)
«Tirpitz»
Type: slagskip
Verft: Kriegsmarinewerft Wilhelmshaven
Byggjenummer: 128
Djupgang: 9,9 meter
Det tyske krigsskipet «Tirpitz» i Bogenfjorden i Ofoten.

«Tirpitz» var eit tysk slagskip. Det var oppkalla etter admiralen Alfred von Tirpitz, og var søsterskip til «Bismarck».

Under den andre verdskrigen blei skipet sendt til Noreg som motsvar til dei arktiske konvoiane og kommandoraidet på Vågsøy. Her heldt det til i norske fjordar, men truga konvoiane og basane til dei allierte.

«Tirpitz» i Åsenfjorden[endre | endre wikiteksten]

I ein periode låg «Tirpitz» i Fættenfjorden ved Åsenfjorden. Opphaldet i Fættenfjorden varte frå 16. januar til 29. oktober 1942. «Tirpitz» var òg fleire gonger på om-måling og reparasjonar i Lofjorden, ein annan fjordarm av Åsenfjorden. Den vanskelege plasseringa inne i den tronge fjorden skapte problem, ikkje berre for allierte flygarar, men òg for lokalbefolkninga og den lokale motstandsrørsla i Åsen og Skatval.[1][2]

Den 23. januar 1942 fekk britane melding om at «Tirpitz» låg i Fættenfjorden. Dei tok då straks til med luftborne åtak. I det første luftåtaket deltok ni Halifax- og fem Stirling-fly. Flya tok av frå basen i Lossiemouth i Skottland, og rundt midnatt 30. januar 1942 prøvde dei å bomba «Tirpitz» – utan hell. Dei kom nemleg ut for tåke, og då var det svært vanskeleg å gjennomføra presisjonsbombinga. Flya drog tilbake til basen, utan å ha vore nær skipet. Ein av Halifaxane gjekk tom for bensin på tilbaketuren, og måtte naudlanda i havet utanfor Aberdeen. Alle om bord overlevde[3]

Det andre åtaket vart gjennomført om kvelden 30. mars, men desse kom også ut for tåke, og 34 Halifaxar måtte sleppa bombene sine så å seia i blinde. «Tirpitz» vart ikkje skada i åtaket. Turen attende vart vanskeleg. Fleire av flya var trefte av tysk luftverneld, samstundes førte det iskalde vêret til ising. Seks Halifaxar og 42 mann vart drepne av forskjellige grunnar; nokre vart skotne ned av luftvernet, og nokre måtte naudlanda i ope hav. Dei som kom seg inn over land hadde berre nokre få liter bensin igjen[4]

27. april kom eit nytt forsøk, og 43 bombefly letta frå Kinloss og Lossiemouth. Mange av flya vart bygde om for å kunna ta med anti-ubåtminer. Britane skal ha hatt med seg 58,2 tonn bomber og miner[5] Då flya slapp bombene over bygda frå ei høgd på 8000 fot, braut det ut panikk i Skatval. Fem fly vart skotne ned under åtaket. Eitt fly naudlanda på innsjøen Hoklingen, og alle om bord overlevde. Andre fly naudlanda, men tok av igjen, og kom seg med naud og neppe attende til Skottland.

28. april gjorde britane ei fotorekognosering og oppdaga at «Tirpitz» framleis var uskadd. Same natta freista ein nok ein gong å bomba skipet, denne gongen med 34 fly. Resultatet vart nedslåande også denne gongen. To Halifaxar vart skotne ned, og «Tirpitz» hadde ikkje vorte særleg skadd av angrepet. Fire fly styrta, det eine sørvest for Flornes stasjon, eitt ved Kaldådammen, eitt ved Borråsdammen og det siste ved Borråsgardane.

Dei allierte flygarane hadde gjeve opp håpet om å nokon gong kunna senkja «Tirpitz» frå lufta, og operasjonsleiarane bestemte seg for å prøva å senka skipet med miniubåtar. Desse miniubåtane var testa i England, og dei var drivne av elektrisk straum. Mannskapet hadde dykkardrakter slik at dei kunne halda seg under vatn i fleire timar[6] Miniubåtane var utstyrte med tidsinnstilte sprengladningar som vart festa til skipet med magnetar. «Shetlandsgjengen» skulle smugla inn to slike ubåtar med lastebåten «Arthur», og gjekk frå Shetland den 29. oktober. På veg inn mot Trondheim sleit miniubåtane seg, slik at dei måtte avblåsa heile operasjonen. «Tirpitz» gjekk frå Fættenfjorden ikkje lenge etter denne hendinga.

Operasjon Source[endre | endre wikiteksten]

I september 1943, medan «Tirpitz» låg i Kåfjorden i Alta vart det sett i gang nok ein risikofylt operasjon med miniubåtar, kalla Operasjon Source. Denne gongen lukkast ein i å plassera sprenglekamar under skipet, og skada det såpass at det ikkje lenger var sjødyktig og måtte reparerast.

Men sjølv om skipet hadde fått alvorlege skadar og det og trong store reparasjonar var ikkje den britiske regjeringa nøgde. Dei ville at skipet skulle senkast heilt. «Tirpitz» vart til slutt senka ved Håkøya utanfor Tromsø 12. november 1944. Bombinga vart gjort med tallboy-bomber sleppte frå Avro Lancaster-fly frå Royal Air Force. 1 204 av mannskapet vart drepne. 806 overlevde, og 82 til vart redda då redningsmannskapar skar seg inn i skutesida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christophersen, Egil: Okkupasjonsår i Stjørdalsbygdene 1940–45 (s. 301/319)
  2. NTNU: «D/S Hvalbåten» Arkivert 2015-06-02 ved Wayback Machine. (byrjinga av avsnittet kalla D/S Hvalbåten)
  3. Hafsten, Bjørn (red.): Flyalarm (s. 136)
  4. Hafsten, Bjørn (red.): Flyalarm (s. 137)
  5. Christophersen, Egil: Okkupasjonsår i Stjørdalsbygdene 1940–45 (s. 304)
  6. Christophersen, Egil: Okkupasjonsår i Stjørdalsbygdene 1940–45 (s. 318)
  • Christophersen, Egil: Okkupasjonsår i Stjørdalsbygdene 1940–45, bind II (1995)
  • Historielagene i Stjørdalsbygdene: Årbok nr. XVI (2007)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: «Tirpitz» (1939)
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.