Fættenfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fættenfjorden er ein 2 km lang sidefjord til Åsenfjorden ved Trondheimsfjorden. Fjorden startar mellom Blekkpynten og Paradisbukta, nordaust for Saltøya og stoppar inne i Fætten, sørvest i Vuddudalen i Levanger. På andre sida av Blekkpynten ligg Langråsa.

Ordet Fætten kjem frå det norrøne ordet fit, som tyder om lag flatvoren, frodig eng attmed vatn[1].

I Fætten, inst i fjorden, er det ein del hytter og ein campingplass.

«Tirpitz» i Fættenfjorden[endre | endre wikiteksten]

Det tyske slagskipet «Tirpitz» låg inne i Fættenfjorden med 2600 mann i ein periode under den andre verdskrigen frå 16. januar 1942 til 29. oktober 1943. I denne perioden gjennomførte det britiske Royal Air Force fire mislukka raid for å senkja skipet, og mista 12 bombefly.

I 1985 vart det avduka eit minnesmerke over dei allierte styrkane som fall under aksjonane i Fættenfjorden, og dei nordmennene som risikerte livet for å hjelpa. Ein kan sjå monumentet frå E6.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]