Åhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°55′24.355″N 14°17′28.151″E

Åhustorget
Hus i Åhus

Åhus er ein tettstad i Kristianstads kommun i austlege Skåne, ved utløpet til Helge å i Hanöbukten. Staden har 9 423 fastboende (2010) og mottar mange sommargjester.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Åhus si historie går tilbake til sein jernalder, då ein viktig handelsplass blei etablert litt lenger opp langs elva i forhold til dagens Åhus. Namnet kjem frå det oldnordiske ordet aos, som tyder «elveos». Åhus var då ein del av det danske riket. På 1100-talet blei det oppført ei borg utanfor byen etter kontinentalt førebilete, truleg av erkebiskop Eskil i Lund. Denne borga fekk namnet Aose-hus. Blømingstida opplevde byen frå 1200- til 1400-talet, då han høyrte under Lunds erkebispesete. Mellom anna blei det då oppført ein bymur; i dag er restane etter denne muren dei best bevarte restane av ein ringmur frå mellomalderen i Sverige. Dei eldste, kjende byrettane er frå 1326, men i følgje byen sin eigen tradisjon reknar ein med at byen blei grunnlagt i 1149, då erkebiskop Eskil fekk han i forlening.

Byen mista mykje av tydinga si i og med reformasjonen1500-talet, eit hundreår då òg svenske plyndringstog råka området hardt og mellom anna la borga i ruinar. Nedgangstida enda med at Åhus mista byrettane sine i 1617, då Christian IV grunnla festningsbyen Christianstad. I 1658 tilfalt Åhus saman med resten av Skåne Sverige ved freden i Roskilde.

På 1720-talet byrja ein å dyrke tobakk ved Åhus. Dyrkinga stoppa på midten av 1960-talet. I moderne tid er Åhus blitt kjent for ålefiske og for produksjonen av Absolut vodka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]