År 0

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg talet 0.

Det finst ikkje noko «år 0» i vår tidsrekning. Ho gjekk rett frå år 1 fvt. (år 1 f. Kr.) til år 1 (år 1 e. Kr.).

Dette har ingenting med fråveret av talet 0 i romartal å gjera; Ein kjende godt til talet 0 i Europa på den tida den kristne kalenderen først blei brukt om årstal før Kristi fødsel (det var i verket Ecclesiastical History of the English People i 731). Men år er ikkje punkt på ei tidsline, dei er intervall. År 1 er det første intervallet etter starten på tidsrekninga, år 2 er det andre intervallet. Det første intervallet før starten på tidsrekninga er år -1, eller år 1 fvt.. (Det gjev ikkje meining å snakka om «det nullte intervallet».)