Diskusjon:År 0

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor var det ikkje noko år 0?[endre wikiteksten]

Det er vel ikkje rett at fråveret av år 0 kjem av at talet 0 mangla i tidlegare tider? Om me skulle laga kalenderen i dag, ville me framleis ikkje tatt med noko år 0, vil eg tru — det verkar lite logisk.
--Verdlanco (diskusjon) 20. feb 2005 kl. 1210 (UTC)

Romarane, som utforma kalenderen, hadde ikkje nulltal. Då ein etter kvart fekk det inn med matematikken var årstala allereie innarbeidde. Ranveig 20. feb 2005 kl. 1313 (UTC)
Eg trur ikkje dei to faktaa har noko med kvarandre å gjera. Eg vart fødd etter at talet null vart kjent, men dersom eg skulle starta ei eiga tidsrekning, ville eg kalla mitt første leveår for "første år etter Verdlancos fødsel", eller "år 1 e.VL" og det siste året før eg vart fødd for "første år før Verdlancos fødsel", eller "år 1 f.VL". Eg ser ingen logikk i å putta inn eit ekstra år imellom dei: "nullte år etter Verdlancos fødsel". Kva tyder nullte? Mi meining er (uavhengig av korleis romarane talde): År null er tull!
--Verdlanco (diskusjon) 21. feb 2005 kl. 1054 (UTC)
Intervaller kan nummereres på akkkurat samme måte som andre ting, og det er ulogisk å utelate 0 mellom 1 og -1. Å gjøre det gjør regning med år unødvendig komplisert. På andre områder (for eksempel matematikk og programmering) kvier man seg ikke for å bruke 0 som et hvilket som helst annet tall. Grunnen til at vi ikke bruker noe år null er vel at vi ikke har 1 tidsregning, som dekker all tid, men 2 tidsregninger som hver dekker sine områder, og som er kjedet sammen ved et visst punkt: Før- og Etter-regningen. 80.212.253.103 19. des. 2005 kl. 12:42 (UTC)

Kvifor har vi ein artikkel om år 0?[endre wikiteksten]

Eg skjønar vel ikkje heilt kvifor vi skal ha ein artikkel om noko som ikkje finst (år 0); eg synest artikkelen 0 helst berre burde vera ei omdirigering til Talet 0.
--Verdlanco (diskusjon) 20. feb 2005 kl. 1210 (UTC)

Det er interessant at me ikkje har noko år 0 og bør seiast ein plass. Men denne artikkelen må gjerne flyttast til år 0 medan 0 handlar om nulltalet viser til talet 0, slik ein gjer det på en:. -- Ranveig 20. feb 2005 kl. 1313 (UTC)

God løysing å ha talet 0 og år 0 som artiklar, tykkjer eg. Særleg ettersom talet 0 ikkje er eit naturleg tal. Sifferet 0 ville òg vera ein grei artikkel å ha. Faktisk er det slik at ordet siffer blir bruka med tydinga ‘sifferet 0’ i ein del språk. Dette kan gjerne vera ei tilvising til 0 om sjølve artikkelen ligg der og ikkje på talet 0. Året 0 finst elles ikkje på den julianske eller den gregorianske kalenderen, som Verdlanco allereie sa — men mange trur at dette kalenderåret finst, så eg er einig med Ranveig i at det er greitt å ha ein artikkel som tek for seg dette og viser at dette kalenderåret ikkje «finst». -- Olve 20. feb 2005 kl. 2006 (UTC)

Ja, einhjørningar finst heller ikkje, men eg vil ikkje ha noko imot ein artikkel om emnet, so År null er forsovidt ein grei artikkeltittel. Eg likar berre ikkje at dette skal vera hovudtydinga av artikkelen med tittel 0. Eg trur vi er samde.
--Verdlanco (diskusjon) 20. feb 2005 kl. 2216 (UTC)
Hørest ut som vi er einige, ja... :-) -- Olve 20. feb 2005 kl. 2220 (UTC)