Romartal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Romartal på ei klokke. (Foto: Juergen Goetzke)

Romartala er talsymbol som opphavleg blei brukte av romarane. Dei er relativt enkle symbol: I, V, X, L, C, D, M, som i respektiv rekkjefølgje har verdiane: 1, 5, 10, 50, 100, 500, 1000. Samansetjinga av symbola bestemmer talet. Eit symbol med mindre verdi føre eit anna, vert trekt frå talet. Symbol med mindre eller lik verdi etter eit anna, vert lagt til talet. Det finst ikkje noko symbol for 0 i systemet.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Romartal er seinare blitt brukte til markera årstal, til dømes på bygningar og i bøker, og på mange klokker.

Døme[endre | endre wikiteksten]

I = 1
III = 3
IV = 4
VI = 6
XX = 20
MMV = 2005